Alle veit at ein slik reportasje aldri ville blitt sendt, og at det var siste gongen vedkomande reporter hadde oppdrag for NRK.
Men det var akkurat slik Odd Karsten Tveit gjorde under sine reportasjer om den kurdiske frigjeringsleiaren som er kidnappa av torturistane i Tyrkia.
Likskapen mellom Tyrkia og Serbia er store. Begge regime er folkevalde, og begge regime er sterkt nasjonalistiske. Begge stader er det slik at den sterkaste opposisjonen er enda meir ekstreme nasjonalistar.
Begge land undertrykker ein minoritet som er tvangsinnlemma i staten av stormaktene. Derfor foregår det ein etnisk frigjeringskrig i begge land. Og begge frigjeringsrørslene er væpna. Dermed unngår dei ikkje at kampen mot det dei reknar som okkupajsonsmakta, fører til tap av menneskeliv. Derfor omtaler begge regime frigjeringsrørslene som "terroristar".
Kva er forskjellane?
Dei talar stort sett til Serbias fordel. Serbia har aldri forbode albansk språk i Kososvo. Dei erkjenner at det eksisterer ein albansk minoritet, og tvingar dei ikkje til å snakke serbisk. Det finst albansk utdanning på alle nivå, sjøl om universiteta ofte er stengt, og skolane ikkje fungerer når det er kamphandlingar.
Også Serbia har tortur. Men vitnemåla om den omfattande torturen i Tyrkia saknar sidestykke i andre land. For ikkje å snakke om at talet på massakrerte sivile i Kurdistan er astronomisk i forhold til Kososvo. Kor store dei er, veit vi ikkje. Men bortimot 30 000 har mista livet i konflikten, og tre millioner mennesker er etnisk utrensa.
Men i NRK er framstillinga av dei to landa nesten som natt og dag. Slik ville ikkje Frits Nilsen gå med på. Han avviste i sine reportasjar påstandane om at "PKK har gjort seg skuld i spesielt grove ugjerningar". Han sa rett ut at eit folk som vil frigjere seg, og som er tvinga til å bruke makt for å oppnå det, sjøvsagt vil drepe motpartens soldatar, eventuelt også kollaboratører i eigne rekker.
Frits Nilsen ville ikkje stå som mikrofonstativ for torturistane. Han var ikkje villig til å vere eksponent for vestleg dobbeltmoral i Irak. Dette har han også gitt uttrykk for i Dagbladet.
Er det derfor han ikkje lenger får drive reportasjer frå Tyrkia?
Og er det eit muleg opinionssving i kurderspørsmålet som gjør at NATO har fått det så travelt med å bombe Serbia, - for å trekke oppmerksomheita vekk frå Kurdistan?