To jubileum i Indokina.



    Den sparsame omtalen av 25-årsjubilèet for USAs nederlag i Vietnam tyder på at veldig mange media gjerne vil "glømme" dette. Men det er eit anna 25-årsminne som enda færre vil snakke om: Røde Khmer/Pol Pots maktovertaking i Kambodsja. Rett nok er det ennå nokre månader fram til minnedagen for utdrivinga av sivilfolket frå Pnom Penh. Men vi trur at også når den tid kjem, vil vi bli vitne til atskillige tåkeleggingsmanøvrar frå mange kantar. Overraskande vil det bli for dagens unge å oppdage at Klassekampen og RV vil vere meir ihuga på å desinformere enn Aftenposten og VG.
    I august 1975 fall det amerikanske marionettregimet til Lon Nol, og den såkalla kommunistiske geriljaen Røde Khmer overtok statsroret. Utlendingane rømte frå Pnom Penh, og all verdas Vietnam-venner jubla. Nesten ingen utanom Kambodsja visste den gongen kva RK og leiaren Pol Pot sto for. Derfor var det eit sjokk at det nye regimet dreiv heile sivilbefolkninga ut av hovudstaden. Vi var framleis avventande til kva regimet ville med dette, og kvidde oss for å avskrive dei. Veldig få av oss trudde den gongen at dette skulle bli opptakten til ein massakre som ingen har sett maken til etter Hitler.
    Etter kvart kom det vitnemål om ufatteleg grove overgrep. Men mange av dei gruppene som meldte om dette, var nyleg avslørt som grove løgnarar når det gjaldt Vietnam, så det var ikkje lett å tru på dei. Likevel måtte mange av oss endre syn da det dukka opp over hundre tusen flyktningar i Vietnam, og Pol Pots soldatar invaderte dei vietnamesiske grenseområda.
    Vietnams tålmod varte til 1978. Da hadde Røde Khmer sprukke for lenge sia. Dei som ikkje ville vere med på galskapen, vart anten avretta eller dei klarte å rømme unna og slutta seg i hop under utbrytaren Heng Samrin.
    I og med at Pol Pots styrkar hadde invadert Vietnam først, var det ingen ting i folkeretten som kunne hindre Vietnam i å invadere Kambodsja som gjengjeld for dette. Dei alliertes invasjon i Tyskland på slutten av andre verdskrigen var heilt parallell til dette. Invasjonen kom dessutan etter bønn frå Heng Samrin og i lys av dei grufulle vitnemåla som flyktningane kom med.
    Mange har samanlikna NATOs inngrep i Kosovo med Vietnams i Kambodsja. Men denne samanlikninga held ikkje etter folkeretten. Serbias militære hadde aldri gått til åtak på eit NATO-land, mens Pol Pot sendte styrkar inn i Vietnam i 1977-78. Ein kan nok kalle Vietnams innmarsj "humanitær", faktisk i enormt større grad enn nokon vestleg aksjon på Balkan. Men i tillegg hadde Vietnam full dekning for å kalle innmarsjen i Kambodsja eit sjølvforsvar mot ein aggressor som hadde invadert landet. Vi veit korleis det gjekk: I femten år var Kambodsja isolert av Vesten og Kina, og dei samme statane sto i brodden for ei allmenn FN-godkjenning av den Røde Khmer- dominerte eksilregjeringa. Vestens hykleri i denne saka nådde ufattelege høgder. Både utanriksminister Kjell Magne Bondevik og hans kolleger frå AP var med på å godkjenne eksilregjeringa som var dominert av Røde Khmer. Det er faktisk langt, langt verre enn om opposisjonen hadde overtatt i Serbia, og den norske regjeringa hadde godkjent Milosevics` eksilregjering og latt denne få Jugoslavias plass i FN. Med full tilslutning, og vel så det, frå Klassekampen og RV!
    Ikkje så rart at dei fleste media teier om dette, og at Friheten er den einaste avisa der du kan lese om det. Slik har det nemleg vore i minst femten av dei tjuefem åra etter l975.

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.