Er Nordlys-redaktøren blitt K - Symp?



    Spørsmålet er aktualisert i den siste tida fordi Nordlys nesten heilt har slutta å ta innlegg frå den opposisjonelle venstresida. (SV lar seg neppe innpasse i den kategorien). La oss derfor repetere det som har skjedd, for å finne ei muleg forklaring på endringane.
    1. Den 28. feb. i år sa politisk redaktør Svenn A. Nielsen til NRK Troms: "Det er særdeles viktig å trykke innlegg som vi er uenige i. Dersom vi alle var enige, var det unødvendig med pressefrihet".
    2. Alt ved årsskiftet vart underskrivne kutta ut av den viktige spalten på tredjesida. Grunngjevinga var at "spalten skulle omorganiserast". Men spalten vart ikkje omorganisert, og ved kontakt med Svenn A. Nielsen kunne han ikkje oppgi andre som var kutta ut enn underskrivne. I følgje logikken i hans innlegg i NRK (pkt. 1) må det bety at Sv.A.N. er så einig med meg at han meiner det er unødvendig å gi meg spalteplass. Det må også bety at han er meir ueinig med alle dei andre som skriv der. Det er interessant. Og i så fall gledeleg.
    3. Etter nyttår har Nordlys så langt eg har oversikt trykt 3 - tre - av omkring 25 innlegg som dei har fått frå meg. Det må etter samme logiske resonnement bety at Sv. A. N. er heilt einig i 88% av mine innlegg, og derfor ikkje kjenner seg forplikta til å trykke dei. Mange har etterlyst mine innlegg i Nordlys til meg personleg. Årsakene ligg altså i punkt 2 og 3 i denne oppstillinga.
    4. Når det i samme periode har stått opptil 5 innlegg i samme avis frå folk med tilknytning til FRP, går eg ut frå at det er regelen frå pkt. 1 som er i bruk.
    5. I samme periode har avisa fått omkring tjue innlegg frå ulike personar, underskrivne på vegne av NKP. Eitt innlegg er trykt. Det må bety at Svenn A. Nielsen er einig i 95% av det som NKP-representantane skriv i lesarinnlegg til avisa.
    Den nye ideologiske orienteringa som vi gjennom dette kan spore hos Nordlys` politiske redaktør Svenn A. Nielsen, vil vere overraskande for dei som kjenner han, og det er ei oppsiktsvekkande nyheit for alle avisas konkurrentar i nord. Korleis A-pressekonsernet og min gamle kjenning direktør Alf Hildrum tar det, veit eg ikkje. Men han hørte jo i gamle dagar til den delen av AUF som sa at "vi gir oss aldri på våre radikale standpunkt, uansett kva som skjer". Det samme har Synnøve Konglevoll sagt til meg, utan at ho gjorde alvor av det. Men kanskje A- pressedirektøren nå brått har begynt å oppfylle sine gamle lovnader, slik at A-pressa blir mot Balkan-krigen, Nye NATO og EU? Og i så fall: Kva med Synnøve Konglevoll? Blir også ho kutta ut heretter, dersom ho tar sine gamle standpunkt på alvor?
    Det mest ømtålige spørsmålet er likevel: Kva seier Politiets Overvåkingstjeneste (POT) til at Nordlys` politiske redaktør nå viser kvalifikasjonar til Håkon Lies gamle påskrift "K-symp"? Kanskje han får alarmen til å gå hos våre gamle kjenningar i politiet?
    Eg veit han lenge har misunt oss mappene. Så derfor håper eg at hans mange partifeller i POT lar han få den gleda å få ei mappe heilt for seg sjøl.

    PS. eg kviskrar det i øyret til Svenna: Det er godt at du er blitt ein av oss. For når vi blir kutta ut av avisene, betyr det at mange er redd oss. Og det betyr igjen at vi har langt større politisk innverknad enn det beskjedne medlemstalet skulle tilseie. Friskt mot, kamerat!

    Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.