CIA har trent UCK-gerilja.



    CIA har hjelpt og trent UCK-geriljaen i fleire år, også i den tida da Vesten såg med sterk offisiell skepsis på organisasjonen. Det skriv Sunday Times den 12. mars. Dei brukar CIA-tenestemenn som kjelde, utan å namngi dei. - Dei viktigaste operasjonane gjekk for seg i 1998 og 1999.
    ST seier at "avsløringa av desse løynde operasjonane har ført til ny misnøye blant USAs allierte i Europa. Spesielt har desse operasjonane svekka truverdigheita til OSSE, da general William Walkeer, som leidde OSSEs misjon i Kosovo, etter dei nye avsløringane var nokså sentral i CIAs aksjonar i provinsen."
    Dette er svært dårleg nytt for OSSE-formann Vollebæk og for vestlege media. Da dei serbiske styresmaktene sa at Walker var CIAs mann, vart det avvist av nesten alle vestlege media som "Milosevic-propaganda".
    Nå stadfester altså ei av Storbritannias få eksisterande seriøse aviser på høgresida at dette var sant. Her i Norge var det berre Friheten (Aarrestad og Hårstad) som meldte korrekt om dette.
    Det er også pinleg avslørande for dei som har trudd på Walkers versjon av den såkalla "Racak-massakren". Det var jo den som førte til at OSSE trekte seg ut av Kosovo og Metohia. Etter denne siste avsløringa i ST er det mykje som tyder på at dette var ein "arrangert" massakre a la Timisoara, med det føremålet å framprovosere 1) sympati med kosovo-albanarane, 2) OSSEs utmarsj, og 3) krig med Serbia. Rambouillet- diktatet fell logisk på plass i denne planen.
    Men kva kommentarar har Bondevik, Stoltenberg og Solheim til denne meldinga? Enn utanriksredaksjonane i NRK og dei større avisene? Gjettar eg riktig, så vil dei ikkje nemne saka.

    Hartvig Sætra.




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.