Men nå er dette sløret i ferd med å revne. Årsakene ligg delvis i det felles amerikanske/tyske spelet for å bakke opp eit reint albansk Kosovo, og delvis i tabber som den franske leiaren for UNIMIK, Bernard Kouchner, har gjort seg skuldig i. Den samme Kouchner er, som vi godt kan forstå, på kant med si eiga regjering og med dei franske KFOR-troppene. Han greip for eksempel ikkje inn da tyske og amerikanske tropper foretok einsidig gjennomsøking av dei serbiske områda på ein brutal måte, utan at tilsvarande våpensøk vart gjort i den albanske delen av byen. Han greip heller ikkje inn da tyske og engelske tropper sto og såg på at den albanske mobben gjekk laus på dei franske styrkane. |
Mest forundring har det vekt i FN-krinsar at Kouchner har tenkt å avvikle vernet om dei serbiske bydelane. Alle veit at det ville føre til nedslakting av serberar og total etnisk reinsing, ikkje minst fordi KFOR har avvæpna serberane, men ikkje albanarane. For så vidt er dette det samme som har skjedd i andre byar i Kosovo: Pec, Prizren, Pristina m.fl. Vi veit at KFOR/UNIMIK har late albanarane reinse ut 180 000 menneske allereie, utan å gripe inn, så dei 12000 i Mitrovica blir vel rekna som ein "bagatell" i den samanhengen. Vi har heller ikkje hørt særlege reaksjonar på den delvis NATO-støtta etniske reinsinga frå Solheim & co. Men det er ikkje nytt. Dei reagerte heller ikkje på utreinsinga av ein halv million serberar frå Slavonia og Krajina. At Solheim & co støttar dei største etniske utreinsingane i Europa, er blitt ein vane. Hartvig Sætra |