Leyla Zana, som fekk 14 års fengsel for å tale kurdisk frå nasjonalforsamlingas talarstol, kan altså i følgje Østergaard ha det så godt. Det er hennar eiga skuld. Det er ei politisk ytring som er prega av ein iskald og skremmande høgre- ekstremisme, langt verre enn det som Jörg Haider står for. Haiders parti har aldri gått inn for, og slett ikkje praktisert, eit rasistisk forbod mot eit bestemt språk. Når vi dessutan veit at Bülent Ecevits såkalla "sosialdemokratiske" regjering har medlemmer frå det tyrkiske fascistpartiet MHP, partiet til "dei grå ulvane", må vi undrast på korfor ikkje den danske (og den norske) regjeringa for lengst har boikotta Tyrkia. Inntil vi oppdagar at Ecevits fascist-anløpne regjering er blant Israels beste venner!
|
Og den jødiske Holocaust får for ørtende gong under ein konferanse i Stockholm "einerett" på begrepet holocaust. (Aller nådigst kan visst romaniane få bruke ordet. Men for serberane er det framleis bannlyst, i følgje konferansen og reportasjane derfrå.) Vi som er kritiske til Vestens overgrep, og til dei vestlege lands mange allierte bødlar, må ikkje la dei europeiske og amerikanske politikarane få lov til å "kvitvaske" dei rasistiske overgrepa hos sine allierte ved hjelp av skyllebøttene mot Haider. Uffe Østergaard er tidlegare dansk SF-ar, som nå er "angrande syndar" på firsprang vekk frå venstresida. Han reknar seg i dag som "euro-nasjonalist". Nyleg har jo ein SV-journalist skrive på SVs internettsider at serberane må forpliktast til å glømme si historie under siste krig, fordi den fristar dei til å begå overgrep. Ho "viste også stor forståelse" for at Hitlers tropper vart sett på som "befriarar" i Kosovo under siste krig. Kva er eigentleg forskjellen på Haider, Østergaard og andre "tidlegare sosialistar"? Hartvig Sætra |