"Farlig rapport"



Som kontaktmann for dei serbiske asylsøkarane i Norge fekk eg i november ei norsk omsetting av ein rapport frå den kroatiske Helsinforskomiteen om forholda for den serbiske befolkninga i Aust-Slavonia. Rapporten gir eit totalt anna bilde enn påstandane frå UDs ansvarlege for asylsakar og norsk presse (f.eks. NTB-reporter K.A.Nilsen i Dagbladet 9. des.). Det kan ganske enkelt ikkje vere samme landet det er snakk om. Det må vere nokon som prøver å føre oss bak lyset.

Vi som har levd ei stund, spesielt dersom vi har arbeidd i skoleverket, kjenner ein del typiske reaksjoner hos folk som skrønar: Snakke om noko anna, teie stille, eller skylde på andre. Desse reaksjonane har vore påfallande i denne saka både frå pressefolk og UD.

NTB-journalisten Nilsen unnlet i to tilsvar til meg å komme inn på denne rapporten, enda eg utfordra han sterkt på dette punktet. I staden tok han opp heilt andre ting, og kom med harde åtak på meg personleg.

Aviser som Dagbladet, Dag og Tid og Nordlys har fått rapporten tilsendt. Også partigruppene på Stortinget har fått rapporten. Berre DNA har takka. Avisene har halvvegs lovt "å ta den opp", men ingen ting skjer. Eg tolkar det som ein variant av "svakt argument, skrik høgt!", som går ut på: "Godt argument hos motparten. Tei still."

Denne forma for kneblingstaktikk er også brukt av UD og Justisdepartementet. Alle som teier om rapporten, reknar den tydelegvis som "ubehageleg" og som ein stein i vegen for deira ubendige lyst til å deportere dei heimlause serberane. Opinionen må ikkje få vite noko, for det kunne føre til at folks rettferdssans blir krenka. Folk flest lar seg nemleg ikkje så lett oppdra til å hate alle serberar som enkelte innbiller seg. Det har eg sterke vitnemål om frå mange hald.

Mitt viktigaste poeng i denne sammenheng er at ingen har klart å dra rapporten i tvil. Riktig nok har Helsingforskomiteen sjølv lagt rapporten på is, truleg fordi HK tradisjonelt er nokså "vestorientert" i sitt syn på menneskerettsspørsmål, og rapporten frå den kroatiske avdelinga har nok ikkje vore så "politisk korrekt" som komiteen ønska seg. Dessuten er det forståeleg at ei offentleggjering ville føre til svært vanskelege arbeidsforhold for HK i det halvfascistiske Kroatia.

Korleis rapporten har nådd Vesten, trass i hemmelegstemplinga, får vi av gode grunner ikkje vite eksakt, da arbeidsforholda for kroatisk opposisjon (den reelle, ikkje den påståtte) er ekstremt vanskelege. Dei blir stadig infiltrert av folk som spelar "opposisjonelle" overfor Vesten, men som i realiteten er like nasjonalistiske som Tudjman. Faktum er nå at rapporten finst i norsk omsetting, og at den slår bein under offisielle norske påstander om Aust-Slavonia, både i radio, TV, presse og offisielle regjeringsdokumnet.

Derfor er det pinleg at verken NRK; pressa eller UD/JD vil snakke om saka. Det luktar det skrønemakeri av. Og det luktar spesielt vondt fordi ein med dette underslår levekåra for den gruppa i Europa som har vore mest utsatt for etnisk rensing: Dei serberane som er tvangsinnlemma i Kroatia. Denne etniske rensinga har vore stillteiande godtatt av alle partia på Stortinget, av nesten alle aviser (med Friheten som unntak), og ikkje minst av NRKs utsendte medarbeidarar.

(Korleis vil det gå med dette innlegget? Dersom det går som det brukar gjere, skjer eitt av to: 1) Det blir tatt inn, og ingen kommenterer det. 2) Det blir droppa i papirkorga. Dessverre er juksemakarane så mektige at dette går. I alle fall ei stund, inntil serberane er sendt ut av landet?

Hartvig Sætra



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.