Kroatia i dag er i realiteten er eit Stor-Kroatia, der dei serbiske områda er etnisk
reinsa for over ein halv million menneske. Det er forbløffande at norsk presse og
kringkasting ikkje nemner dette når dei nye makthavarane tar over. Panegyrikken
minnar mest om tiljublinga av det israelske Arbeidarpartiet med Ben Gurion og Golda
Meir, etter at dei hadde foretatt etnisk utreinsing av store delar av Palestina, og lagt
under seg langt større område enn dei hadde fått godkjent av FN.
I dag veit vi betre, også når det gjeld det israelske Arbeidarpartiet. Men det har kosta
enormt i form av blod og lidingar i mellomtida. Vi vil ganske sikkert få den samme
smellen i framtida, dersom vi hører på NTB- og NRK-folk som er like ukritiske til
Kroatia som Haakon Lie og Kåre Kristiansen til Israel.
La oss sjå på realitetane i Kroatia: Forrige gong landet var ein sjølvstendig stat, var
det ein nazistisk statskonstruksjon der det også vart innlemma serbiske og muslimske
fleirtalsområde. Ein av toppleiarane sa: Vi skal fordrive tredjeparten av serberane,
omvende den andre tredjeparten, og ta livet av den siste tredjeparten. Det siste klarte
dei nesten, gjennom ein brutalitet som forferda til og med Gestapo.
Etter krigen fekk alle nazistiske statar redusert sitt territorium, men Jugoslavias
kroatiske president Tito let det vere. Dei serbiske fleirtalsområda vart liggande
under delstaten Kroatia, og dette vart ikkje endra da Helmut Kohl pressa Vesten til
å "rekonstruere" krigstidas Kroatia, - noko som svært mange vestlege politikarar var
tvilande til. Men for Tyskland var det viktig: Store delar av den serbiske befolkningas
bondegardar og landområde blir rekna som konfiskert tysk eigendom. Tyske og
austerriske adelsfolk reknar å få desse områda tilbake, nå når den serbiske
befolkninga er etnisk utreinsa.
|
Den kroatiske staten vart rekonstruert med nazi-flagg og mange av nazisymbola frå
krigen. Minnesmerka over nazismens offer vart øydelagde, blant anna minnesmerket
for "Balkans Auschwitz", Jasenovac, der 600 000 serberar, 60 000 jødar og 20 000
romani vart myrda. Tudjman-regimet skreiv om historia frå krigen i beste
nynazistiske stil. (Og ein journalist frå NTB som var med på den kroatiske innmarsjen
i Jasenovac, godtok løgnene! Dessutan har Store Norske Leksikon utelate denne
leiren. Det kan berre kallast stalinistisk historieskriving).
Det er ingen som trur at dei nye makthavarane i Kroatia vil følgje ei anna hovudlinje
enn Tudjman i nasjonale spørsmål. Akkurat som Ben Gurion og Meir var
kompromisslause sionistar, er Stipe Mesic ein beinhard nasjonalist. (Den serbiske
opposisjonen er også like sterke nasjonalistar som Milosevic).
På eitt punkt vil han truleg likevel innleie ein sjarmoffensiv overfor utanverda: Det
gjeld dei kroatiske delane av Bosnia, som i dag i praksis er ein del av Kroatia.
Akkurat som Israel gjorde separatavtale med Egypt og Anwar Sadat, kjem truleg
Mesic til å lage ein liknande avtale med muslimane i Bosnia. For det vil han få mange
godord i Europa, mens både han og Vesten kan ignorere meir enn ein halv million
etnisk utdrivne serberar som bur i flyktningleirar i Serbia, - leirar som til dels vart
bomba av NATO.
Dette er Europas største og mest brutale flyktningkatastrofe i dag. Og det kjem neppe
det lovpriste nye styret i Kroatia til å gjere noko med. Likeså kjem dei sikkert til å
heise det fascistiske sjakkbrett-flagget, også når dei opptrer på norsk jord. Og
verken NTB eller NRK vil ytre eit pip om det.
Korfor er vi så opptatt av forvirra norske ungdommar med hakekors på jakka, når vi
godtar dette fullt ut?
Hartvig Sætra
|