Talet på sivile som vart drepne under krigen i Kosovo er truleg langt mindre enn
tidlegare antatt, skriv den britiske avisa Sunday Times. Bladet siterer den spanske
rettsmedisinaren Emilio Perez Pujol, som seier at talet kan vere så lågt som 2500.
Talet står i sterk kontrast til dei opplysningane som NATO kom med da krigen
pågjekk. Den amerikanske forsvarsministeren William Cohen oppgav at 100 000
kosovoalbanske menn er sakna, og truleg drepne. Han blei flittig sitert i Vesten.
Seinare vart talet på drepne nedjustert til 10 000 av det britiske utanriksministeriet.
Dette talet brukar også domstolen i Haag framleis, og det vart ikkje minst brukt som
sikkert bevis da Haag-domstolen tok ut tiltale mot Milosevic for
krigsforbrytelsar.
Representantar for Haag-domstolen prøvar å svekke Pujol og det amerikanske
nyheits- og analysemagasinet Stratfor som publiserte hans syn, ved å kalle dei
|
upålitelege utan noka form for bevisføring.
Pujol seier at det spanske teamet var stilt i utsikt å finne 2000 lik i eit område. Vi
fann 187. Dei to gruppene frå FBI skal til saman ha funne 200. I følgje The Times
er talet på registrerte lik hittil på 1400.
Kommentatorar i Washington Post og Toronto Sun meiner også at dødstala er kraftig
overdrivne, og John Laughland i The Spectator skriv at massegravene i Kosovo er
ein myte. Han blir imøtegått bl.a. i Guardian, som seier at det nok likevel må kallast
massegraver. Det er lett å vere samd i det: 1400 mord er ille nok.
Utviklinga frå rein krigspropaganda til ei tilnærma realistisk vurdering av tapstala er
ganske parallell til det som skjedde med Srebrenica. Heller ikkje der har FN funne
meir enn 2000 lik, og ein del av desse er serberar og muslimar som fall i kamp.
Like fullt kjører vestlege media for fullt på tal mellom 8 000 og 11 000 massakrerte i
Srebrenica.
Vil propagandakverna halde fram med overdrivne tal også i Kosovo, eller anar vi ei
litt meir kritisk innstilling i vestleg presse enn for Srebrenicas vedkomande?
Hartvig Sætra.
|