Fleire tårar og meir latter.



Sappen i Nordreisadalen har ungar frå Noreg og Russland hatt det moro saman om sommaren og tatt farvel med kvarandre med klump i halsen og tårar i øyekroken. I Moskva, Oslo, Murmansk, Tromsø og mange andre byar har politikarar og næringslivsfolk lira av seg lange talar og skåla mykje samarbeid det ikkje blei noko av.
Borna, politikarane og forretningsfolka har ein ting felles; det var mellom anna pengar frå Utanriksdepartementet eller Barentssekretariatet som gjorde det mogleg å møte likesinna frå nabolandet. Lista over ulike prosjekt som har fått stønad er lang og omfattar alt frå kunstskulen for norske og russiske ungar i Sappen, humanitær hjelp, miljøtiltak, forsking, helseprosjekt og næringssamarbeid. I byrjinga av neste veke skal utanriksministrane i Noreg, Sverige, Finland og Russland sette seg saman i Luleå for å drøfte korleis samarbeidet i Barentsregionen skal halde fram. Samstundes skal dei feire at det er fem år sidan det heile starta i Kirkenes. Norske styresmakter har brukt rundt 700 millionar kroner på Barentssamarbeidet dei fem åra som har gått sidan Kirkenes-erklæringa ble signert. Riksrevisjonen undrar om 65 av dei er brukt tråd med føresetnadene til Stortinget og skuldar Barentssekretariatet i Kirkenes for å ha rota i bunkane med bilag. Eit oversyn over kva for prosjekt dei 700 millionane har gått til, viser at det òg er grunnlag for å spørje om pengane har gått til det utanriksministrane sette seg fore i Kirkenes for fem år sidan. I erklæringa blei det sagt at miljøsamarbeidet var det viktigaste, men òg at samarbeid om helse, forsking, kulturutveksling, samferdsel, demokratibygging og næringsutvikling skulle vere prioriterte oppgåver. Ser ein på kva pengane har gått til, vil ein finne at det har gått rundt 250 millionar til ulike miljøtiltak og at det har gått omtrent like mykje til næringssamarbeid og bygging av infrastruktur. Når det gjeld demokratibygging og helse, er det brukt mellom 15 og 20 millionar på begge desse områda. Resten har gått til administrasjon av Barentssamarbeidet, kulturutveksling, ulike kvinneprosjekt og humanitær hjelp. Thorvald Stoltenberg sa etter Kirkenes-møtet at det var viktig å slost mot det som har vekse raskast i Russland på 90-talet fattigdomen. Ein kan spørje seg om ein si tid gjorde det med å gje pengar til Braathens S.A.F.E. for at selskapet skulle etablere flyrute til Murmansk eller Barlindhaug for at konsulentfirmaet laga planar for ei hamn i Petsjengafjorden på vegne av russiske styresmakter. Kværner har fått pengar for å “hjelpe” russarane med å omstille dei militære verfta i Severodvinsk til sivil produksjon og mange andre har fått støtte til prosjekt som i utgangspunktet er heilkomersielle og som er ein naturleg del av forretningsdrifta og ikkje nokon form for samarbeid utover “bisnissen”. Etter at entusiasmen for det nye samarbeidet i nord har lagt seg og pionértida er over, har ein kome over i kvardagen og dermed har mange blitt meir kritisk til Barentssamarbeidet. Styresmaktene står overfor mange dilemma. Mellom anna kan nødstraumsforsyninga og sambandsutstyret Noreg har gitt til atomkraftverket på Kola vere med på å forlenge levetida til verket. På den andre sida var verket berre timar unna ei Tsjernobyl-katastrofe under ein vinterstorm i 1993 fordi det nettopp mangla aggregat som kunne koplast inn når den vanlege straumforsyninga svikta. Det er òg til å forstå at norske styresmakter bruker pengar på ulike helsetiltak i Nordvest-Russland. Etter kvart er det mange som krysser grensene og det kan løne seg å vere med på å slost mot smittsame sjukdommar i nabolandet i staden for å vente til dei kjem over grensa. Det er forunderleg at det er dei næringslivsprosjekta som ikkje har fått statsstøtte som går best i Barentsregionen. I fiskerinæringa er samarbeidet betre enn i nokon annan sektor, til trass for at den haldast utanfor Barentssamarbeidet. Næringslivet tenkjer kortsiktig når det skal samarbeide og det er ingen grunn til å leggje skjul på at mange norske forretningsfolk har reist austover med idear som ikkje lot seg realisere, anten fordi dei var luftslott, fordi nordmennene skulle “lære” russarane å drive butikk eller fordi russarane rett og slett ikkje likte ideane dei fekk presentert. Dei få tusenlappane som gjekk til sommarkunstskulen i Sappen er truleg ei smartare investering og har større verknader enn millionane som har gått til næringslivet. Der lærte ungane kvarandre å kjenne samstundes som dei fekk jobbe i lag på kreativt vis og herje på romma på leirskulen om kveldane. Den som sett pengar på at iallfall nokre av dei kjem til å halde kontakten seinare i livet, vil nok ikkje tape veddemålet. Slik blir dei og kjende med levekåra til kvarandre, lærer noko om korleis dei andre tenkjer og får heilt andre føresetnader for å drive samarbeid enn oss som gjennom heile oppveksten lærte at russarane var farlege. Difor er det store sjansar for at dei saman kjem til å skape noko meir enn teikningane og måleria som stillast ut når veka er omme. Då må det brukast mindre pengar på skåltalar. I staden kan dei investerast i prosjekt som fører til fleire tårar og meir latter i Barentsregionen.

Hartvik Sætra



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.