Massakren er ein bitter realitet. I motsetning til den forrige meldinga om massakre i Kosovo, som også blei dementert av NATO, er det denne gongen ikkje tvil om at meldinga er rett. Det betyr i realiteten eit stort tilbakeslag for den serbiske nasjonen i verdensopinionen. Landet kjem i ei enda vankelegare stilling både når det gjeld striden i Kosovo og når det gjeld økonomien og dei enorme flyktningproblema. Det kan også gjere vegen lettare for dei som vil deportere serbiske asylsøkarar frå diverse europeiske land, blant anna Norge.
Er det ein "spesielt grusom" massakre? Sjølsagt er det ikkje det. Mange av Vestens klient-regime utfører stadig slike ugjerningar, til dels langt verre enn dette. Dei drepne i den albanske landsbyen var nok sivile, men dei var samtidig utan tvil engasjerte i geriljaen. Det var vaksne menn, "muligens ei kvinne og eitt barn", som det heiter.
Likevel er ein slik massakre sjølvsagt totalt uakseptabel. Ein skal ikkje avrette fangar i krig. Dei har klart definerte rettar etter internasjonal lov; også medlemmer av ein "fiendlig gerilja". Det held ikkje å kalle geriljaen "terroristar", slik både Serbia og Tyrkia gjør med dei etniske geriljaene.
Dei serbiske aksjonane må fordømmast. Men dei som fordømmer serberane og "glømmer" andre konfliktar, får eit vel så stort problem med logikk og moral etter dette. Liknande massakrar har blitt utført av den USA-støtta høgre-geriljaen i Columbia, mot landsbyar som støttar venstre-geriljaen. Det er snakk om drap på meir enn hundre personar, ein stor del av dei kvinner og barn. Årsaka er høgre-bandanes redsel for ei fredsslutning mellom regjeringa og venstregruppene. Ingen internasjonale reaksjonar kjem på grunn av dette.
Den USA-støtta UNITA-geriljaen i Angola driv akkurat nå massakrar av eit langt større omfang enn dette. Men det einaste som skjer, er at FN trekker seg ut. Ingen trugar med militære inngrep og bombing. Det er heller ingen som snakkar om å trekke den blodige massemordaren Savimbi for domstolen i Haag. Han får lov å berike seg av Angaolas edelsteinar og mineralar, og nyt godt av fritt kjøp og salg på det internasjonale markedet i motsetning til Joguslavia.
Forskjellsbehandlinga av Joguslavia og Angola demonstrerer kor dobbeltmoralsk og rasistisk Vesten og nesten heile det politiske spekteret i Norge opptrer. Men dette skal ikkje hindre oss i å kritisere den serbiske massakren. Vi har heile tida vore konsekvente i våre krav til ulike statar, nasjonar og militære grupperingar om å opptre humant, uansett om dei er akseptert av USA eller ei.
Intern maktkamp bak massakren? Vi veit at det knapt eksisterer nokon "opposisjon" i Serbia som vil gje slepp på Kosovo. Milosevic og hans parti står i så måte i ein slags "sentrums-posisjon", der sterke grupper på høgresida med tilknytning til den ekstreme presidentkandidaten Vojislav Seselj vil gå langt hardare fram. Også den "opposisjonen" som gjekk i gatene mot Milosevic, konkurrerer til dels med Saselj om å vere tøffe i forhold til Kosovo-albanske krav. (Draskovic, Kostunica og Djindjic).
Dei såkalla "spesialstyrkane", som utførte denne siste udåden, har nær tilknytning til Seselj. Og for hans del er denne massakren udelt "nyttig". Dess meir NATO og Vesten trugar med bombing, dess sterkare står Seselj i opinionen. Dette er litt av den samme effekten vi ser i Irak og Libya; Amerikansk bombing styrker nettopp dei kreftene som dei påstår skal svekkast.
Da dei ni gislane vart frigjevne sist veke, gjekk Milosevic med på å frigje albanske fangar til gjengjeld. Dette blir av Seselj sett på som "utilateleg svakhet overfor geriljaen". Og i opinionen scorar han poeng på dette.
Vestens fokusering på Milosevic som "djevelen sjølv", kan derfor bringe langt meir ekstreme krefter til makta i Serbia. Med dei enorme tragediane det kan føre med seg, både for den serbiske og den kosovo-albanske befolkninga, og i neste omgang for heile Balkan.
Kan Serbia halde på Kosovo i lengda? Underskrivne stilte seg i 1992 undrande ti at Kroatia og Bosnia ville tvinge dei serbisk-dominerte regionane inn i ein stat som dei på forhånd hata og avskydde. Og eg foreslo at folkerøystingane ikkje skulle følgje dei grensene som vart fastsett av Habsburg, Sultanatet og Nazi-Tyskland, men foregå på eit lågare nivå der ein på best muleg måte aksepterte at kvar folkegruppe dominerte spesielle regionar. Slike avstemningar skulle foregå regionvis i alle delstatane, også Serbia (og dermed også i Kosovo). Nå veit vi at Tyskland var sterkt opptatt av å gjenopprette det "Stor-Kroatia" som eksisterte under nazi-tida. Og dessverre følgte dei andre vestlege landa etter, trass i at tanken om regionaliserte avstemmingar ikkje var fremmend for mange vestlege politikarar og militære.
Det er klart at i alle regionar ville det bli mindretal frå ei anna gruppe. Kroatane aksepterer ikkje dette: Dei krev systematisk at alle regionar med eit visst kroatisk mindretal, skal styrast av kroatar. Derfor gjer dei krav på delar av det nåværande Serbia, der det er 15-20% kroatar. (Og Ny Tid under Kjell Arild Nilsen publiserte kart der dei kroatiske krava var markert med stipla linjer, slik det er markert på kart frå dei kroatiske fascistane!)
I Kosovo er det under "normale" forhold ca 200 000 serbiske sivile. Dersom Serbia oppgir Kosovo, vil desse bli tvinga til å flykte. Det vil føre til at Serbia blir kvalt av eit flyktningeproblem som det neppe er maken til i verda i dag. Ennå er ikkje serberane drivne ut av Srpska. Men får Izebegowitz det som han vil, kjem også det til å skje, med vestleg hjelp. Deretter kan Sandsjak komme. Da blir flyktningeproblemet tre- til firedobla. Og Vesten vil stå bak den største etniske utreinsinga i historia, og pådra seg eit "Palestina-problem" i Europas hjerte. Dersom Vesten skal halde fram med å støtte etnisk utreinsing av serberar, ender "rest-Serbia" som ein stor flyktningeleir, eit "europeisk Gaza".
Derfor kan ikkje Kosovo-problemet løysast utan å dra inn att både Bosnia og Kroatia i den samanhengen.
Dersom det ikkje i siste instans er eit folkemord på serbarane vi vil ha - for å tekkes dei tyske økonomiske interessene i området? Vi veit at tyske adelsfamiliar med "nasjonaliserte" eigedommar i Kroatia og Bosnia nå gjør krav på store delar av den serbiske landbefolkningens jord. Dette, saman med gruve- og energi-ressursane, er grunnlaget for Tysklands krav om anerkjenning av Kroatia og Bosnia. Skal vi her i Norge vere med på å omdanne eit "Rest-Serbia" til ein slags konsentrasjonsleir for "Untermenschen" for å tene desse interessene?