Den 19. september i år hadde NRK ein reportasje som var ei nærmast samanhengande
trakassering av den tamilske frigjeringskampen i det nordlege Sri Lanka.
Underskrivne har tamilske venner, og kjenner realitetane gjennom dei. Eg har venta
med å reagere på reportasjen, da eg ville la tamilane i Norge reagere først.
Det har dei gjort. I Nordlys er det kome to innlegg, det eine frå ei større kvinnegruppe
i Tromsø. Innlegget var ganske krasst, og retta til leiinga i NRK. Men NRK har
ignorert innlegget.
Situasjonen for tamilane i Tamil Eelam, det nordlege Sri Lanka, er heilt parallell til
Aust-Timor, Kosovo, Kurdistan og dei serbiske delane av Kroatia: Fleirtalet er tamilar
i området. Men dei blir haldne under eit brutalt militærdiktatur frå den singhalesiske
staten. Dei singhalesiske massakrane mot tamilar overgår dei serbiske militsane i
Kosovo med ein faktor på minst fem, og det utan at for eksempel India har starta
bombekrig mot Colombo.
Derfor er det i høgaste grad grunn til å spørje NRK og deira heimelsmann blant
fredsforskarane, Asbjørn Eide:
|
Kva ville de sagt dersom ein journalist hadde laga
eit innslag med rein Milosevic-propaganda frå Kosovo? Ville det blitt sendt? Ville
Asbjørn Eide, som eg personleg trudde langt betre om, stått som garantist for
programmet?
I programmet seier Asbjørn Eide at ein nær venn av han var tamilsk minister i den
singhalesiske regjeringa. Han vart drepen for ei tid sidan, og Eides vurderingar var
tydeleg prega av dette.
Nå oppfattar tamilane i Norge denne mannen som ein forrædar. Det var vel også
årsaka til at tamilske tigrar drap han. Men la oss da samanlikne med UCK, som NRK
nærmast har heva til skyene i begeistringsrus: Dei fleste politiske morda i Kosovo før
bombekrigen gjaldt kosovo-albanarar som var rekna som moderate, og som hadde eit
visst samarbeid med styresmaktene i Beograd.
Hadde ikkje Eide nokon venner blant desse?
Og vil NRK halde fram med den hårreisande dobbeltmoralen når det gjeld dekning av
Kosovo og Tamil Eelam? Er det den norske statens store u-hjelp til singhalesarane
som får institusjonen til å vere så lydig?
Tør ikkje NRK ta opp spørsmålet om u-hjelpa til singhalesarane har gjort dei betre i
stand til å massakrere folk i Tamil Eelam? Er dei tamilske asylantane i Norge ei så
forakteleg gruppe at NRK berre kan ignorere dei når dei skriv protestar mot
institusjonen?
Hartvig Sætra.
|