"Enden av regnbogen".



av

Mari Marcel Thekaekara:


- eller nytenkning om utvikling på den indiske landsbygda.

A. Fuglar eller urbefolkning?

"Ein eller annan må våge å seie det, og eg er villig til å bli den første", sa professoren med dramatisk røyst. "Dersom vi må velje mellom fuglar og bier på den eine sida, og urbefolkninga (adivasis) på den andre, da må vi velje biane og fuglane".

Det kom eit rasande utrop frå bakre delen av salen. Stan; mannen min, fortalte professoren i lite høflege ordelag kva han tenkte om denslags "grønn" politikk. Ei mørk spaklynd kvinne reiste seg: "De seier at vi høgg ned skogen", sa ho. "Men kven sine hus har trestolar og bord? Dykkar eller våre? Kven brukar papir og bøker? Kven sine barn går på skolen?"

Det vart ei skamfull stille i den store hallen. Det "grønne folket", mest mellomklasse-miljøvernarar frå New Delhi, Bombay og andre metropolar, hadde ingen ting å seie. Dei mintes eit menneskeretts-møte i Bangalore for fem år sida. Der vart det ein tilspissa strid mellom menneskettsaktivistar og miljøvernarar. Dei siste hadde trudd at "urbefolkninga ville vere mot alle økonomiske utviklingsprogram, fordi dei må bere kostnadene", og var klar til heilhjerta innsats for "dei ville", mot kraftutbygging, gruveindustri og andre ressurs-uttak frå storkapitalen. Og så oppdagar dei at "dei ville" er enda meir kritisk til villmarksreservat for store rovdyr enn mot kapitalistisk ressursrøveri.

(Kerala er den indiske delstaten der dei fattige har det minst ille, ikkje minst fordi Kommunistpartiet har hatt makta i lange perioder sidan sekstitalet. Delstaten har det beste offentlege helsevesnet og den lågaste analfabetismen i India - ja, dei ligg godt an også samanligna med "dei aisatiske tigrane", trass i ei gjennomsnittsinntekt som er ein brøkdel av f.eks. Malaysia.)

Thekaekara kjem tilbake til adivasi:

B. Skal urbefolkniga tvingast vekk frå "moderniseringa"?

Sjølv om framsteget (i Kerala) har hatt ein egalitær profil, har det skapt problem. Og det fører oss tilbake til møtet med adivasi i 1995:

På det omtalte møtet blei "dei eldre" som sto for styringa, bedne om å definere "rikdom". Dei gav ein definisjon som omfatta barna, dei eldre (!), kunnskapene, tilgangen til felles skog, samhaldet i stammen og kulturen. Ikkje ein person snakka om "penger" eller "fast eigedom".

Vi var forbløffa. Det var vi, og ikkje dei, som hadde behov for å redefinere våre idear og prioriteringar.

ACCORD-programmet har likevel begynt å endre adivasi-samfunnet innanfrå. Utfordringa nå er korleis dei unge stiller seg til dei eldres definisjon av verdiar. Slik adivasi-samfunnet har fungert til nå, har det vore langt fattigare enn samfunnet elles, dersom ein ser på penge-avkastning. Men det har vore eit betre samfunn enn det "gamle" indiske storsamfunnet.

Utviklingsprogrammet ACCORD har dette som si største utfordring: Skal også adivasi, som resten av samfunnet, hoppe inn i eit nytt millineum (årtusen) som "moderne konsumentar", - nettopp den vonde sirkelen som folk i Nord gjerne vil hoppe av? Dermed kjem også det "nye" store problemet, som angår naturvernet: Kan storsamfunnet gripe inn og nekte adivasi ei liknande utvikling som resten av samfunnet, fordi det ville gå ut over dei ville dyra? Da ville i så fall urbefolkninga bli straffa fordi dei i tidlegare tider har hatt ein naturvennlig livsførsel, i motsetning til storsamfunnet, som har utrydda dyrelivet for å bli rike.

Eller kanskje vi alle treng å nå fram til enden av regnbogen, og oppdage at kjelen med gullmyntar var ein illusjon?

(New Internasjonalist har ved fleire høve tatt opp faren ved at ivrige dyrevern- og naturvern-folk kan utvikle fascistiske synsmåtar, i tråd med det som professoren gav uttrykk for på møtet i Mahasabha. Talet på overgrep mot urbefolkningar og fattigfolk i verda som har blitt råka av ønsket om å sette verdien av "store, pene dyr" over utkantbuaranes menneskeverd. Internasjonalt aukar derfor kritikken frå venstrehald mot autoritære "naturvernarar" av typen Greenpeace, World Wildlife Fund og dyreverngruppene. Som sagt i eit tidlegare nummer av bladet: "Vi kan ikkje i lengda berge skjeldne dyreartar og store rovdyr ved å innføre politistats-metodar overfor urbefolkningar og utkantbefolkning.")

New Internasjonalist, Nov. 1998.

Omsett og Innkorta av

Hartvig Sætra.




TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.