Norge sa Nei:

fem år sidan



    Fem år etter folkerøystinga er EU-tilpassinga av vårt nærings- og samfunnsliv mykje meir omfattande enn det EØS-tilhengjarane sa den gongen. Veterinæravtalen, justis- og politisamarbeidet under Schengen-systemet er pressa gjennom av Ja-fleirtalet på Stortinget. Nå vises dei skadelege verknadene av EØS-avtalen for folk flest, ikkje minst i Nord- Norge: - Auka arbeidsgjevaravgift truar fleire industriverksemder i distrikta. - Pålegg om innredning av fiskemottak og fiskebruk, som ikkje er nødvendige, fører til så store kostnadar at mange må legge ned.
    - Kontraheringar til støtte for norske skipsverft er ikkje i samsvar med EØS-reglane. - Transportnæringa vert ramma av deregulering og standardsenking som følge av det. - Matsminkedirektiva i EØS-avtalen er ikkje i samsvar med norsk standard for næringsmiddel. - Matvarer med endra gener spreier seg i norske forretningar, utan at norske styresmakter har sett inn kontroll. Troms Nei til EU meiner at EU-tilpassinga i EØS vert meir og meir tydeleg. Ja-sida kan koma til å ta opp spørsmålet om norsk EU-medlemskap kva tid som helst. Nord-Norge var og er det sterkaste støttepunktet mot ei utvikling som vil lede Norge inn i EU. Vi oppmodar til auka motstand mot EU-tilpassinga, gjennom å ta del i arbeidet i Nei til EU.

    Tromsø Nei til EU

    v/ leder Anna Margrete Flåm




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.