Noas på betre tankar!



    Den 12.10.99 får vi ei svært gledelig melding via Dagsnytt: NOAS ber nå om at norske styresmakter gjer om alle avslag på asyl frå serberar som har vore med i militære aktivitetar under borgerkrigen i Kroatia. NOAS har gjennom danske kjelder funne ut at den "amnestiloven" som kroatiske styresmakter sitter med, og som norske utlendingsmyndigheter stadig viser til, ikkje fungerer i det hele tatt. Nå kan vi jo innvende at desse opplysningane ikkje er nye. NOAS har fått dei frå SOS Rasisme og frå Aksjon Rettferdighet for lang tid tilbake, utan at det blei reagert. Men vi er ikkje såre for dette. Vi synes det er gledeleg at NOAS nå tar affære. Når det gjeld media, ser vi det vi har sett tidlegare: Så lenge vi var dei einaste som reagerte, var media uinteresserte. Men med ein gong NOAS var på banen, var det "godt pressestoff". Dette er medias store problem når det gjeld balansert dekning av saker der etniske serberar er involvert. Midt i gleda over NOAS´omsnunad er det naturleg å spørje organisasjonen: Korfor begrense aksjonen frå NOAS til tidlegare militære? Det gjeld berre menn i ein viss alder. Fleirtalet av dei 1100 som Dørum vil deportere, er kvinner og barn og ikkje- militære menn.
    Meldingar f.eks. gjennom den Kroatiske Helsingforskomitèen går ut på at det skjer grov generell trakassering av serberar i Kroatia. La oss ta eit eksempel: Serbiske familiar blir bedne om å selje eigendommane sine, og "avskrive alle krav innanfor staten Kroatia". Det såkalla "salget" skjer til omkring 10% av marknadspris. Dei familiane som ikkje vil selje, får "besøk" av væpna folk om natta. Og neste dag "går salget i orden". På grunn av dette er det svært økonomisk fordelaktig for det "statlege oppkjøpskontoret" APN dersom folk blir tvinga tilbake til Kroatia. Utan dei serbiske familianes underskrifter på såkalla "legale eigendomstransaksjonar" kan ikje styresmaktene ifølgje internasjonal lov tileigne seg eigendommane. Derfor er det klart at serberar som blir deportert til Kroatia, er kjærkomne til landet fordi det da er lettere å presse hus og heim frå dei. Når først så er skjedd, har dei ingen ting å leve av - og dei må dra frå landet.

    Kva har NOAS tenkt å gjere med dette?

    Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.