Nå har den etniske forskjellbehandlinga råka ei anna underpriviligert gruppe av asylsøkarar: Dei statslause baltiske russarane. Den 1. oktober blei Marina Rakhmatoullina utvist til Latvia i lag med det eitt år gamle barnet, som er fødd i Norge. Ho og familien har mista sitt statsborgarskap, og dei har vore på flukt i fem år. Den siste tida har dei budd i Norge, i kyrkjeasyl. Derfrå vart dei avvist i veka som gjekk. Mannen og to eldre barn er løynd ein stad i Norge, men Marina og Bernt Junus (1 år) vart arrestert og sett i ulovleg varetekt utan forhørsrett. Bernt si sak vart anka inn for Barne- og Familiedepartementet. Men før svar var gitt, vart det sett i verk deportasjon. Marina nekta da å ta Bernt ut av landet, på bakgrunn av anken. Ho ga frå seg omsorgsansvaret skriftleg, da ho meiner at den norske staten har eit slikt ansvar for barn fødd her i landet. |
Latviske styresmakter har sagt at ho kan søke om opphaldsløyve, men dei har ikkje noko ansvar for henne og barnet. Frå før veit vi at innstillinga til russarar i Latvia liknar på kroatiske reaksjonar mot det serbiske mindretalet: Dei bør helst ut av landet snarast råd. Men Russland meiner at dei ikkje har ansvar for landsmenn frå andre av dei gamle Sovjetrepublikkane. Så dit kan ho og barnet heller ikkje dra. Slik står denne saka akkurar nå, framfor vinteren. Nok ein gong har norske styresmakter stilt seg bak grove overgrep mot eit barn som er født her i landet. Det er dei som bør skamme seg. Men det ender gjerne at vi som slåst for rettferd, skammer oss på vegne av Norge. Dei som vil vise sympati og solidaritet i denne saka, kan ringe Bjørg Irene Karlsen, tlf. 95 96 16 41. Harvig Sætra |