og justisminister Odd Einar Dørum
og Stortingspartiene.
Lik behandling av asylsøkarar.
Midt under kommunevalgkampen får vi vite at bortimot 1100 serbiske asylsøkarar frå Kroatia har fått beskjed om tvangsutsending 12. og 13. september. Mellom 200 og 300 av desse er barn. For 120 av barna er det nå søkt om særskilt opphaldsløyve, spesielt fordi enkelte av desse ikkje er fødd i Kroatia, og har aldri budd der.
Kroatia er ein stat med fascistiske trekk. Landet hat til no drive ut omkring 90% av den tidlegare serbiske befolkninga på nesten 600 000, ifølge SOS Rasisme, som bygger på rapporter frå den kroatiske Helsingfors-komitéen. Både dette faktum, og på grunnlag av det asylsøkarane sjølve seier, er det all grunn til å tru at dei færraste vil bli buande i Kroatia, som dei nå blir utviste til.
Derfor er det grunn til å tru at heimkomsten for desse menneska blir vel så hard som for dei kosovo-albanske asylsøkarane her i landet. Dei serbiske asylantane må anten leve i eit nesten "etnisk reint" Kroatia, eller i eit Serbia med over 800 000 flyktningar og utan støtte til gjenoppbygging frå vestlege statar etter bombinga.
Det vil vere moralsk uakseptabelt å gi kosovo-albanarane betre vilkår med tanke på å kunne bli her i landet enn dei vilkår vi gir serberane. Vi vil appellere til Regjeringa og til alle partia på Stortinget om å arbeide for å omgjere denne beslutninga, eller i alle fall utsette iverksettinga, slik den danske regjeringa har gjort.