Denne valkampen har i stor grad vore prega av trivialitetar og saker som har lite å seie for vanlege folk. Ølkasting, indre strid i Framstegspartiet, Jagland si framtid som partileiar og statsministeren si råkøyring for å nå eit valmøte på Hedmark kan nok vere godt stoff for sensasjonshungrige medier, men er nokså uvesentleg i ein større samanheng. Saker som verkeleg betyr noko for den jamne mann og kvinne har komme i skyggen.
Éi slik sak er bustadpolitikken, som har vore lite i søkelyset. Å ha ein stad å bu er imidlertid eit særs grunnleggjande menneskeleg behov. Vi veit at det er ein skrikande mangel på bustader i norske storbyar. Særleg skuleelevar/studentar og yngre menneske som er i etableringsfasen vert hardt ramma. Prisane er skrudd høgt til værs, og det som vert tilbydd på den private bustadmarknaden har ofte ein ussel standard.
Det vert bygd altfor få nye bustader. Problemet vert forverra av den sterke sentraliseringa. Stadig fleire flyttar frå bygde-Noreg for å søke arbeid og utdanning i storbyane. Liberaliseringa av bustadpolitikken har vist seg å vere ei ulykke for dei bustadsøkande.
Norges Kommunistiske Parti (NKP), som i år stiller lister i over halvparten av landet sine fylker og i ei rekke kommunar, krev meir plan og styring på dette området, som er altfor viktig til å overlatast til marknadskreftene. Når marknaden får råde vert dei velsituerte endå betre stilt, og dei ikkje-etablerte får svi. NKP krev auka bustadbygging, fleire rimelege utleigebustader og effektive mottiltak mot sentraliseringa.
Gjenreis den sosiale bustadpolitikken!
Kjell Underlid
sentralstyremedlem i Norges
Kommunistiske Parti (NKP)