Budskjettet.
Jordas oseaner og biomasse kan absorbere 13 til 14 milliarder tonn CO2 kvart år. Dersom dette "budskjettet" var likt fordelt mellom dei 5,8 milliardar innbyggarane, ville kvar ha rett til å sleppe ut litt over 2,3 tonn i året.
I nord sender kvar amerikaner ut 20 tonn, ein tyskar rundt 12 og ein japaner 9 tonn. I sør slepper ein indar ut 0,8 tonn, ein kinesar 2 og ein brasilianar 1,5 tonn. Fem planetar måtte til dersom alle menneske sleppte like mye ut som ein tyskar.
GAPET
Globalt:
I 1965 konsumerte de rikaste 20%, 70% av jordas inntekt. Nå er det nærmare 85%, og det veks stadig. 60% konsumerar til saman under 10% av inntekta.
Klassemessig:
Forskjellane mellom dei som forbrukar for mykje og for lite er ofte på sitt mest ekstreme i relativt fattige land. Men at eit land aukar gjennomsnittsinntekta, garanterar ikkje at det blir større likskap. Indias rikaste 20% tener 5 gonger så mykje som dei fattigaste, - I Bangaladesh 4 gonger. Desse landa har mindre urettar enn England, Australia og New Zealand (6 gonger). Men i Brasil tener dei rikaste 20% heile 32 gonger så mykje som dei fattigaste. Alle tal for økonomiske forskjeller er tatt opp på åttitalet, derfor er dei udatert. Dei økonomiske forskjellane har auka veldig sterkt etter den tid, spesielt i rike land i nord.
Nord-sør-forholdet i miljøbelastning.
Tusen tyskarar konsumerar omkring ti gonger så mykje som tusen argentinarar, filipinos og egyptarar, og produserar like mykje meir avfall. Mange av desse ressursane, som olje og aluminium, er ikkje-fornybare.
Årleg belastning frå 1000 menneske:
| Tyskland | Egypt/Filippinene | |
|---|---|---|
|
Energi (tera-joule)
Drivhusgassar (t) Ozon-nedbrytarar (kg) Vegar (km) Frakttransport (tonnkm.) Passasjertransport(perskm.) Bilar Aluminium (t) Sement (t) Stål (t) Søppel Risikoavfall
|
158
13700 450 8 4391000 9126000 443 28 413 665 400 187 |
22
1300 16 0,7 776000 90400 6 2 56 5 120 2 |
Ein kvar med vett forstår at dette ikkje kan halde fram.