Etnisk reinsing ved Kjell Magne, Thorbjørn og Kristin. Spesielt Kristin.



Midt i kommunevalkampen får vi beskjed om at 1100 serberar som har rømt frå det fascistiske Kroatia, nå skal deporterast frå Norge, dei fleste på sjølve valgdagane 12. og 13. september. Ingen store media melder om dette, verken NRK TV, TV 2, Dagbladet eller Nordlys. Aftenpoften har bagatellisert saka. Mindre distriktsaviser har hatt det, og sjølvsagt Friheten og Dag og Tid.

Ingen framståande politikar har nemnt Norges verste deportasjonssak i nyare tid, og ingen journalist har våga å spørje politikarane om det. Denne sensuren/sjølvsensuren er nettopp slik som ein skuldar Milosevic-regimet for å gå fram.

Ein svært viktig årsak til at sensuren har fungert, er at SV, det partiet som normalt skal ta opp slike hårreisande saker, sviktar totalt. Derfor fell det eit spesielt stort ansvar for denne deportasjonen på Kristin Halvorsen.

Blant dei som skal deporterast, er omlag 200 barn. Mange er fødd utanfor Kroatia. Enkelte av dei er fødd i Norge. Det er søkt om opphaldsløyve for 124 ungar som siste utveg. Dei som er fødde utanfor Kroatia, kan avvisast ved grensa.

Dessutan veit vi bl.a. gjennom den viktige rapporten frå den kroatiske Helsingfors-komitéen at det rett og slett er umuleg for desse menneska å bu i Kroatia. Av dei

600 000 serberane og romani som budde der før 1990, er over 550 000 pressa ut av landet ved hjelp av trakassering og økonomisk utsvelting. Dei som reiser frå Norge, må derfor alle flykte til eit anna land, og for dei fleste står berre Serbia igjen - eit land som dei nemnte politikarane var med å bombe tilbake til Hitler-tida.

Resultatet av den krigen som samtlege stortingsparti ga støtte til, er som kjent massakrer på serberar og romani i Kosovo, og etnisk utreinsing av 180 000 menneske. Dette er deira bidrag til "aksjon for menneskerettane". Det er ansvaret til Kjell Magne, Kristin, Thorbjørn, og dei meir ubetydelege partileierane som vi har knapt behov for å kunna namnet på.

Nå skal Norge i tillegg bli "serber- und romani-frei" nettopp på den norske valgdagen. det er ei oppfølgjing av det barbariet som politikarane tidlegare har gjor landet vårt medskyldig i. Mens politikarane får sleppe pinlege spørsmål, nett som om vi var ein bananrepublikk.

Eg understrekar enda ein gang at trass i det felles ansvaret, fell det ei spesiell skuldryngde på Kristin Halvorsen, når 2-300 serbiske barn blir jaga brutalt ut av landet vårt samtidig som ho feirer "valtriumfar" i lag med SV.

Det er kvalmande.

Stem på dei partia som var mot NATOs åtakskrig!

Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.