Det gode samfunnets pris må betalast!



I den pågåande skoledebatten har AP gått inn for gratis skolebøker i vidaregåande skole. Leiaren i NSU, Sigrun Aasland, fryktar at dette vil gå på bekostning av studentane. Ho etterlyser politikarane sin vilje til å satse på heile utdanningssektoren. Men ho seier ingen ting om kva for samfunnssektor som i så fall skal lide for denne omprioriteringa.

Vi vil oppleve liknande utspel frå alle samfunnsområde gjennom valkampen. Alle stiller krav om å bli prioritert først. Og ingen tør fortelle kven som i så fall skal nedprioriterast. For dersom ikkje den offentlege kaka skal bli større, vil ein eller fleire andre sektorar måtta lide dersom skolen skal prioriterast opp.

Sjølvsagt er det ein annan måte å løyse flokene på: Å gå inn for at den offentlege kaka skal bli større. Men det er det ingen av stortingspartia som tør. Og journalistane er dei reddaste av alle når det gjeld å lansere slike tema. For Dagsrevyen er det like utenkeleg å gå inn for høgare skattar på høge inntekter og formuer, som for Vatikanet å ordinere kvinnelege prestar.

Korfor er det ikkje obligatorisk for journalistar i ein valkamp å avkrevje politikarane og lobbyistane svar på dette spørsmålet: Når du prioriterer den saka du nemner så høgt, og du veit at det vil koste pengar, - kan du vere så snill å fortelle sjåarane/lesarane kven som skal betale dette? Det er ingen grunn til å godta utflukter. Grill til det løsnar ved beinet!

AP har det greitt når dei skal skaffe vanlege folk billeg rett til jakt og fiske på utkantbøndenes eigendomar: Set marknadsmekanismen ut av kraft! Mens Utkant- Norge må døyve den eine smellen etter den andre frå eit meir og meir marknadsstyrt samfunn, så skal brått marknaden ikkje gjelde når den for ein gongs skyld går i utkantbefolkningas favør. For dei fleste bur jo i by eller nesten i by. Det er ikkje farleg å seie at vi tar pengane frå bøndene, for dei er eit fåtallig og forakta skikt i det norske samfunnet.

Dette betyr ikkje at underskrivne er mot å regulere ublu prisar på fritidsgoder i utkantstrøk. Men da må bygdene få kompensert dei tapte inntektene på annan måte, for eksempel ved at også den bygdediskriminerande marknadskonkurransen på nesten alle forbruksvarer blir regulert, slik at varene ikkje kan vere dyrare i utkantstrøk, slik som nå.

Politikarane slåst om å prioritere stadig nye sektorar. Men å gå inn for å auke den offentlege kaka ved å legge høgare skatt på dei som tener frå tre til femti gonger meir enn gjennomsnittsbonden, det tør verken Regjeringa eller AP.

Feigskap fører til politikarforakt, og det fører igjen til låg valdeltaking. Det einaste som kan hjelpe er om media tør sette velferdsstatens framtid på dagsordenen. Eller er journalistane redde for karrieren dersom dei pirkar borti dei rike og mektige i samfunnet vårt?

Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.