Vi har sett servile reportasjar frå konferansen i Sarajevo, der dei rike landa sto fram med raus hjelp til Kosovo, og med tilsvarande uvilje til å betale for sine krigsbrotsverk i Serbia. Men kor rause er eigentleg dei vestlege krigsforbrytarane? I den danske avisa Information blir sanninga lagt fram i ein stort oppslått reportasje. Den viser at kvar bidige dollar og pund, og praktisk talt kvar einaste krone, blir tatt frå hjelpa til dei fattigaste landa.
Største bidragsytarar til Kosovo: Bangladesh, Uganda, Nepal, Vietnam og Zimbabwe. Her blir dei danske pengane til krigseventyret i Kosovo henta:
|
Bangladesh:
Uganda: Egypt: Zimbabwe: Vietnam: Nepal: Mozambique: |
----- 60 mill.kr.
----- 25 mill.kr. ----- 30 mill.kr. ----- 20 mill.kr. ----- 20 mill.kr. ----- 10 mill.kr. ----- 10 mill.kr. |
|---|
Til saman blir bilateral bistand kutta med 190 mill. kr. I tillegg blir dansk bistand til FN-systemet kutta med 207 mill. , bankar og fond 70 mill., annan multilateral bistand 63 mill.
Så kjem det mest rabiate av alt: Dei rike landa, som stort sett betaler all bilateral og multilateral fattigdomsbistand, tener på Kosovo! Den innsparte fattigdoms- og flyktningbistanden er på 596 mill., og heile bistanden til Kosovo er på 589 mill. Dermed har det rike landet Danmark ei forteneste på gjenoppbygginga i Kosovo på sju millionar kroner!
Utan at dei kjenner eksakte tal frå andre NATO-land, kan Information trygt gå ut frå at nesten alle land er verre enn det realitvt snille Danmark. Og USA har som kjent gitt klart uttrykk for at nå har vi betalt det meste av bombinga, så får dei andre bygge opp igjen.
Det er god forretning å drive krig, folkens! Først testar vi dei nye våpna på å knuse eit obsternasig folk, og det gir i seg sjøl håp om god forteneste i framtida. Deretter kan vi til og med tene pengar på det som tilsynelatande er vårt offer til våre venner blant dei krigsramma!
På spørsmål frå Information vedgår utviklingsminister Jan Trøjborg (S) hevdar at vi fjernar ikkje spesielle prosjekt, og vi er svært forsiktige med kvar vi hentar pengane. Vi prøver å hente dei frå prosjekt som elles ikkje går som først planlagt. Men Information avslører at det er enorm forskjell på å vere flyktning i Kosovo og Afrika eller andre brennpunkt i fattige land. Ein FN-organisasjon seier at det for kvar dag blir brukt 11 kroner på kvar Kosovo-flyktning, mot 75 øre på kvar afrikansk.
Nedskjeringane betyr færre pengar til medisin, telt, legehjelp, mat osv. til folk som har flykta frå krig eller er offer for tørke, seier generalsekretæren i Dansk Røde Kors. Og han seier at nedskjeringane kjem i ei tid da løyvingane tvert om burde vore auka, for at ikkje katastrofane skal bli forverra. Nedskjeringane i flyktninghjelpa til dei fattigaste landa kjem heilt sikkert til å koste mange menneskeliv.
Kris Janowski, målsmann for FNs Høgkommisær for flyktningar, seier det slik: Pengane til Kosovo blir tatt direkte frå hjelpa til fattige land. Ei viktig årsak til dette er media-profilen på katastrofane. Der det er sterk og intens mediedekning, er det lett å få pengar. Media skaper ein opinion, som igjen krev innsats gjennom dei samme media. Dei konfliktane som media ikkje er interessert i å dekke, kan vere like dramatiske som Kosovo, for eksempel Sierra Leone, Sudan og ikkje minst Angola med 150 000 nye flyktningar under katastrofale forhold. Men det er umuleg å få Vesten til å gi hjelp.
Leiaren for Senter for Utviklingsforsking, Engberg-Petersen, seier det slik: Vi hadde ingen problem med å ause ut ressursar til den militære innsatsen på Balkan. Da er det merkverdig at vi skal spare kraftig inn på den humanitære delen."
På bakgrunn av dei kraftige og utvetydige åtvaringane frå eit samstemmig panel av utviklingsekspertar, er det grunn til å slå fast:
Vestens nedskjeringar av hjelpa til dei aller fattigaste kjem til å koste mangedobbelt så mange offer som massegravene i Kosovo!
Hartvig Sætra