To rettssaker i relieff.



Det går for seg to rettssaker parallelt akkurat nå: Den eine mot serberen Dusan Tadic er ei ankesak ved domstolen i Haag. Den andre er mot kommandanten i Balkans Auschwitz, Jasenovac, under krigen 1941-45. Mannen som er tiltalt, heiter Dinko Sadic og er kroatisk fascist. Som kjent vart om lag ein halv million menneske drepne i Jasenovac, i hovudsak serberar, men også 60 000 jødar og 20 000 sigøynarar.

Den forrige rettssaka mot serberen Tadic vart ein farse. Han var kommandant for det som media kalla ein serbisk konsentrasjonsleir i Trnopolje i Bosnia. Under saka avslørte det tyske tidsskriftet NOVO at eit britisk TV-team forfalska ein reportasje derfrå, blant anna ved å fotografere muslimske flyktningar gjennom ein piggtråd som sto ute på eit jorde. Sjølve leiren var ikkje inngjerda! Denne avsløringa er ikkje motsagt av dei impliserte. Men det vart forsøkt å forby eit engelsk blad å trykke NOVOs reportasje!

Kronvitnet mot Tadic var manipulert ved at vedkomande, som var serber, vart truga av dei muslimske styresmaktene med at fleire familiemedlemmer ville bli drepne dersom han ikkje framførte eit bestemt vitnemål mot Tadic. Men den nederlandske forsvararen klarte å få familiemedlemmene ut av Bosnia. Da dei sto fram i rettssalen, gjekk han straks frå vitnemålet sitt, og vart til straff arrestert for falskt vitnemål. Domstolen i Haag måtte oppgi 26 av 33 anklagepunkter mot Tadic. Like fullt vart han dømt til 20 års fengsel, som om alle punkta sto ved lag.

Tadic har nå anka. Retten meiner at dei kan kople han til eitt av punkta som vart oppgitt forrige gong, og som gjeld at han var til stades ved/var delaktig i/ mord på fem personar. Retten vil derfor truleg utvide straffa til livsvarig!

Domstolen i Haag frikjente nyleg ein kroat med eit synderegister som ikkje ligg særleg langt tilbake for Tadics.

Den andre saka foregår i Kroatias hovudstad Zagreb. Dinko Sadic hadde gjømt seg bort i Argentina heilt til den kroatiske nazi-staten vart gjenoppretta etter tysk press i 1991. Da kom han heim, og vart nærmast hylla i heimlandet. Blant anna ropte fansen Sadic, Sadic etter at Kroatia vann 3-0 over Tyskland i fotball-VM.

På kroatisk TV sa han at eg angrar ingen ting. Vi gjorde berre ein for dårleg jobb, derfor har vi fått bråk i delar av landet (med serberane i Krajina og Slavonia!). Sjølvsagt var serberane fortvilt over saka. Men det hjelper jo ikkje kva dei seier. Først da Israel intervenerte, blei USA pressa til å stille krav til Kroatia om å reise tiltale mot Sadic. Som vanleg får vi ikkje vite noko om slike saker i norske media.

Men det tyske magasinet Der Spiegel har ein reportasje i nr. 27/99. Bladet har ein ganske ramsalt bakgrunnsrapport om Jasenovac, men går delvis i Tudjmans medie-felle og godtar eit heilt urealistisk tal på dødsoffer. Tudjman brukar 60 000, Der Spiegel syns dei tar i når dei brukar minst 80 000, mens dei offisielle tala ligg omkring 500 000 (Dedijer 1992). Jahn Otto Johansen (1982) oppgir 800 000.

Likevel er Spiegels reportasje eit stort framsteg i forhold til kva norske media presterer: Gunnar Nyquist i NTB oppga i 1995 at berre 30 000 vart drepne i leiren! Vi veit også at både namnet Jasenovac og alle skildringar av Ustasjas ugjerningar er radert bort frå den nye utgåva av Store Norske Leksikon. Stalins historieskriving er ikkje ukjent i Norge heller!

Spiegels reportasje er ganske ramsalt når det gjeld personlege vitnemål. Blant anna blir eit israelsk vitne, Zdenko Schwartz (85), sitert for dette: Sadic vart kalla Slaktaren. Men det var ikkje alltid han slakta. Det forekom at folk vart kokt levande.

Han innførte også diverse konkurransar i leiren. For eksempel om kven som kunne drepe flest muleg på ei viss tilmålt tid. Deltakarane kunne gå laus med knivar og øksar på folk. Etterpå kom opptellinga og premieringa. Ein annan konkurranse heitte Jakt. Da vart ei gruppe fangar jaga rundt i ein ring, mens Tadic og hans folk skaut inn i ringen med karabinar og pistolar. Eg var sjølv med i ringen, men vart ikkje råka.

Uansett slike vitnemål seier Sadic stadig: Eg er stolt over det eg har gjort. Og opinionen er på hans side, seier Spiegels reporter Thilo Thielke. Han treffer ein av dei få opposisjonelle i Kroatia framfor monumentet, Simo Klaic, som var ein av dei ytterst få kroatiske fangane i Jasenovac. Han har vitna mot Sadic, og er blitt truga på livet.

Det er normalt i Kroatia, seier han og trekker på skuldrane. Sadics kone, som også var med på grufulle gjerningar i ein leir for serbiske barn, har allereie fått saka si henlagt. Spiegels reporter trur at Sadic sjølv vil bli frikjent eller få ei symbolsk straff.

Dersom du ikkje visste det før, så veit du det nå: Det er forskjell på folk, også i forhold til domstolane. Aller størst er forskjellane som bygger på etnisk opphav, spesielt i saker som har med Balkan å gjere, og der Vestens humanitære intervensjonsmakter spelar førstefiolin. Også Norge er medansvarleg!

Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.