Internationalist om propaganda.



NI er det mest velrenommerte av engelskspråklege venstre-publikasjonar. Friheten har løyve til å omsette stoff frå dette magasinet, mot at dei får kopiar og blir namngitt. Juli-nummeret av bladet tar for seg den nye epoken i propagandaens historie at det nå er blitt privat business til avløysing for statlege, partibaserte eller religiøse påverknads-effektar. Framleis driv både statar, parti og kyrkjer med propaganda. Men nå kjøper dei den frå leverandørar i staden for å lage den sjølve. Og dei fremste konsumentane av propaganda er multinasjonale konsern. Dei som betaler best, får dei beste varene.

For å sitere frå NIs leiarartikkel:

Den nye utviklinga i dette hundreåret er at propaganda har blitt ein profesjon. Det blir nå kalla Public Relations. Dette høver med kravet om systemisk funksjon ved at berre dei som har slagkraft og ressursar kan klare å betale rekninga for ein dyr PR-kampanje. Så kanskje det er best å sjå på makt og mål, slik vi har gjort i denne utgåva: Kven har råd til å lage store PR- kampanjar? Kva vil dei oppnå?

Gjennom denne linsa vil det kanskje bli muleg å gjennomskode dei mind games som blir spela med oss. og til å gråte, le eller bli utslått, alt ettersom vi er i humør til.

(Redaktør Richard Swift).

Richard Swift:

Bombe sine eigne for å få sympati:

Eit utbreidd propagandatriks.

Swift fortel om eit konkret eksempel som er avdekt i staten Alberta i Canada. I denne staten foregår det stor oljeutvinning midt i eit framifrå jordbruksdistrikt (fedrift). Men dei mange gassflammene frå oljebrønnane spyr ut hydrogensulfid og nitrøse gassar, som forgiftar både kveg og menneske. Oljeselskapa betaler ein viss kompensasjon for dette, men etter mange bønder si meining er det for lite, og dei hevdar at pengar ikkje kan erstatte liv og helse, verken for dyr eller menneske. To bondeleiarar sto i fokus i motstanden mot oljeselskapa, for å krevje langt meir effektive (og langt dyrare!) reinseteknikkar. Desse vart utsett for kviskrekampanjar og hets, men dei gav seg ikkje, og hadde ein viss framgang blant sine eigne.

For å bøte på sitt dårlege rykte har oljeselskapas folk vaska skiten av cowboy- støvlane og stått i spissen for både idrettsarbeid, kulturarbeid og til og med vern av urfolkskultur og sjeldne planter. Men skiten heldt likevel fram å velte ut av flammene frå brønnane.

Etter ei tid kom det til mindre sabotasjeaksjonar på avsidesliggande oljebrønnar. Politiet klarte ikkje å avsløre gjerningsmennene, men dei to bondeleiarane var mistenkte.

Så ein dag spring det ei bombe i ein AEC- oljeinstallasjon. Seks dagar etterpå betalte kompaniet ein tur til lokalsamfunnet for ein anti-terrorisme-ekspert frå Mackenzie- instituttet i Toronto - eit av desse strategisk studie- institutta som har blitt ein tilfluktsstad for høgre-orienterte propagandistar.

Nå blei lokalsamfunnet sett opp mot den lokale bondeleiaren, Weibo Ludwig, og enkelte kunne tenke seg å lynsje han i nærmaste tre. Strategien frå AEC med bakvasking og isolering av kritikarar nådde eit nytt høgdepunkt. Dei to fremste bondeleiarane vart arrestert, og alle tok det for gitt at dei var skuldige. Men ingen hadde rekna med arbeidskapasiteten til advokaten deira, Richard Secord. Gjennom intens spaning oppdaga han at bomba var planta av Det kongelege canadiske fjellpoliti (Raud-jakkene), i samarbeid med oljeselskapet. Dette vart gjort som eit forsøk på å ta sabotørane.

Media var trekt etter nasen av både firmaet og politifolka. Det gjekk ut over deira sjølvrespekt og rykte. Derfor snudde dei. Oljeforureininga vart nå hovudoppslaget i media, ikkje terrorismen. The spin doctors hadde ramla av skinnegangen. Seinare vart det enda verre: Ludwigs pickup vart sprengt av ei bombe ved eit vertshus i Edmonton, og det var berre flaks at han berga livet. Nå fekk AEC ansvaret for dette i opinionen.

Dette er eit av dei få eksempla vi har på at slike provokasjonar blir avslørt. Spørsmålet er: Kor mange tilfelle er det som ikkje blir avslørt? Er folk blitt dømt uskuldig i retten eller i media på grunnlag av slike anslag mot sine eigne? Vår kommentar er at denne taktikken er brukt i omfattande grad i tidlegare Jugoslavia. I fleire tilfelle er bløffen avslørt også der: Det gjaldt skytinga mot eit muslimsk gravfølgje i Sarajevo, og seinare den såkalla torgmassakren i samme by.

I begge tilfelle var det muslimar som sto bak, og drap sine eigne for å skade serberane i vestleg opinion. Dei klarte det, men vart avslørt av FN-folk. Likevel har 99% av vestlege media latt vere å publisere FNs undersøkingar. Det passa for dei at falskneriet ikkje vart oppklart. Blant desse som heldt kjeft om jukset, var også SVs avis Ny Tid.

I den siste månaden har kroatiske militære avslørt at dei sjølve skaut på byar i Dubrovnik-regionen i 1992 og la skulda på serberane. Dei spelte ganske forundra over reaksjonane på denne avsløringa, for etter deira utsegn foregjekk dette i nesten alle kroatiske og bosniske byar! (Kjelde: Ljubisa Rajic, Dagbladet). New Internationalist/Friheten

Richard Swift:

Torturist-lobbyen i våre hjarte,eller:

Nøkkelprosjektet er ikkje å endre realitetane, men å manipulere vår oppfatning av dei.

På ein måte kjem vi alle til å leve i Alberta i framtida. Den enorme veksten i privat og statleg PR over heile verda vil føre til at det står firma i kø for å fortelle om alle gode ting oppdragsgivarane gjer for oss. Det står like mange i kø for å fråkjenne kritikarane både intelligens og redelege motiv. Hundretals milliardar blir brukt til dette føremålet kvart år. Veksten i desse tenestene har i dei siste tjue åra vore tre gonger så stor som den generelle økonomiske veksten.

Og dei såkalla profesjonelle spin-doctors firma er berre toppen av isfjellet. I tillegg har kvar multinasjonal korporasjon sine eigne PR-avdelingar, som ikkje minst opptrer overfor politikarane som lobbyistar. Legg så til alle former for meiningsmålings- institutt med styrte spørsmål, tele-marketing-folk, fokus-gruppe-organisatorar, tenke-tankar og konsulentar.

Det er til saman ein enorm entreprise som har til føremål å administrere demokratiet og eliminere riskar for klientane frå grasrota og dei folkevalde. Nøkkelprosjektet er å få oss til å oppfatte røyndomen som virkelighet.

(Krivelighet, for å sitere Jan Erik Vold!)

Dette ender opp i ein propaganda-flaum av enorme dimensjonar, som underminerer den lovpriste demokratiske trudomen kvar einaste borgar ber i brystet. Da George Orwell skreiv 1984, såg han på statleg, venstreorientert, totalitær propaganda som hovudtrugsmålet mot demokratiet. Han tok ikkje berre fundamentalt feil. Han er også medskuldig i dagens aksellererande udemokratiske utvikling, ved sin naivitet overfor den andre sida i det politiske spekteret. Han har vore nyttig idiot for høgresida, og lurt mange på venstresida opp i stry.

Denne hjernevaskinga har blitt følgt opp med politi-støvlar bak hushjørnet. I Orwells namn. Han påsto at det berre var Staten som gjorde slikt. Men PR-guruane har transformert propaganda-industrien og gitt den to fjes som er meir subtile og brukarvennlege enn statsapparatet maktar. Positive bilder av heim og familie, ein tillitvekkande kjendis, visdommen frå besteforeldra, og den udiskutable fordelen ved uavbroten vekst blir brukt for å overtyde oss. Vi blir innprenta at det vil bli negative trugsmål mot vår økonomiske kvardag dersom vi blir altfor kritiske til offentleg nedbygging, privatisering, miljøproblem og barnearbeid i Søraust-Asia. Dei siste restane av ein orwellsk visjon kan ein finne i u-land som Burma og Sudan. Men også der har styresmaktene adoptert mange av dei viktigaste virkemidla frå PR- industrien.

Dei mest usmakelege regima vi har i dag , hyrer dei fremste firma på marknaden for å sprite opp sin internasjonale image. PR-gigantar som Burson-Marsteller, Hill og Knowlton og Ruder og Finn har gjort stor lykke i det som kritiske røyster har kalla torturist-lobbyen. Deira jobb er å kvitvaske regime som Tyrkia, Indonesia, Nigeria, Kenya, - eller militærregimet i Argentina under den skitne krigen da forsvunne personar vart plukka opp på gatene og droppa frå helikopter over Atlanteren. Dei har også eit enormt ansvar for utviklinga av krigshandlingane på Balkan.

PR-taktikken er enkel nok: Minimaliser overgrepa mot menneskerettane, snakk om det som ei tosidig historie, legg vekt på dei økonomiske resultata, og lag negative historier om motparten. (Det siste har vore spesielt i bruk på Balkan). Dersom det er muleg, så legg orda i munnen på ei tilsynelatande nøytral gruppe av bekymra borgarar, lokalt eller i Vesten. Trekk gjerne med ei eller anna høgtsvevande intellektuell gruppe med akademiske titlar i fleng.

Mange av desse handgrepa blir gjort direkte av korporasjonar med økonomiske interesser i området. Andre blir utforma av spesielle PR-firma som er i deira teneste, eller er betalt av dei aktuelle statane.

Min konklusjon er: Dei svindyre teknikkane til den multinasjonale PR-industrien går sterkt på bekostning av folks høve til frie ytringar. Eit samfunn der folkeleg samtale er manipulert - og ofte neddyssa - av profesjonelle PR-folk, er ikkje eit demokratisk samfunn, og må bli bekjempa!

New Internationalist/Friheten



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.