I ei svensk bok om NATOs krig mot Serbia, der det meste er skrive av opposisjonelle sosialdemokratar, finn eg ein passus om den såkalla Racak-massakren. Den versjonen som finske patologar har kome med, at det kanskje var 19 av dei 45 som var skotne på nært hald, mens resten truleg fall i kamp, er gjengitt. Den har vi også fått høre ein sjelden gong på norsk. Dei fleste norske meldingar går ut på at alle 45 var massakrert.
Men den svenske artikkelen beskriv i tillegg ein massakre som UCK utførte ei veke før Racak. Der blei 12 serbiske gutar, 11 av dei under 20 år, skotne på nært hald. Den svenske artikkelskrivaren meiner at den svenske regjeringa burde fordømt også denne massakren.
Det er tydeleg at denne massakren er godt kjent i Sverige. Men kven har hørt om den i Norge? Underskrivne er blant dei som følgjer svært godt med, men heller ikkje eg har sett denne meldinga i norske media. Det er grunn til å tru at journalistar og redaktørar i norske aviser og TV har kjent til massakren og unnlatt å melde frå. Det er i stil med den sterkt einsidige medievinklinga på denne krigen. Og inntil nå har dei ikkje berre klart å halde det norske folket uvitande, dei har også vore så heldige at dei få opposisjonelle her i landet heller ikkje har fått med seg saka, og gjort den kjend gjennom lesarspaltene.
Eg spør derfor leiarane for NRK-Dagsnytts og Dagsrevyens utanriksavdelingar: Visste de om denne massakren? I så fall, ver så snill å forklare det norske folket kvifor dei ikkje kunne få lov til å vite om den?
Det samme spørsmålet stiller eg til Håkon Lund i Dagbladet, Per Egil Hegge i Aftenposten, og til andre utanriks-journalistar i det ganske land som har dekt hendingane i Kosovo. Dersom det ikkje kjem svar, er det også eit svar, som det er lett å dra konklusjonar ut frå.
Hartvig Sætra