»Verdibasert utanrikspolitikk»



Ein skal lytte når KRF-folk hyklar, for dei kan dette gamet. For eksempel Vollebæks statssekretær Janne Haaland Matlary, når ho forsøker å ta utgangspunkt i Verdikommisjonen for å forsvare bombinga på Balkan. Som kjent var den mest oppegåande delen av kommisjonen sterkt kritisk til bombinga.

Eg skal ikkje ta opp Balkan her. Men det er ei anna utanrikspolitisk sak som er svært avslørande for hykleriet i UD: Norges støtte til tutsi-diktatura i Rwanda og Burundi. Som kjent er det omtrent like stor prosent tutsiar i desse landa som det er serberar i Kosovo. Tutsiane er ein svart elite som i fleire hundre år har undertrykt og massakrert hutu-fleirtalet i desse landa. Så vart det pressa fram frie val - og hutu- politikarane vann valet. Men verken i Rwanda eller Burundi godtok tutsi-overklassen dette. I Burundi gjorde dei militærkupp innanfrå, i Rwanda utanfrå.

Da sprakk det for hutu-befolkninga i Rwanda, og dei massakrerte mange tutsiar - noko som vestleg presse har utbrodert og overdrive grundig.Talet på 800 000 er heilt klart feil, og eit vitnemål om tutsi-overklassens »velvilje» i vestlege media.

Bakgrunnen sa media lite om. Og hemnen frå tutsiane i ettertid har FN, med vestleg aksept, latt vere å offentleggjere. Denne rapporten, som seier at tusiane massakrerte minst 45 000 menneske umiddelbart etter maktovertakinga, er nå avslørt i dansk »Information». Den danske utanriksministeren forsvarte at rapporten blei lagt vekk! Det gjer vel også vår »verdibaserte» utanriksminister?

I tillegg veit vi at tutsi-mindretal også har makta i Uganda og delar av Kongo. I Kongo svelta dei i hel minst 200 000 hutuar i flyktningeleirane. Vår »verdibaserte» regjering og våre media aksepterte at dette skjedde, for »hutuane hadde jo utført massakrar». Hadde alle gjort det, også barna? Og er kollektiv avstraffing ein del av den »verdibaserte utanrikspolitikken»?

I tillegg veit vi at det sit 120 000 hutuar, av dei gutar ned til ti år, i konsentrasjonsleirar i Rwanda, skulda for å »ha deltatt i massakrar». Desse leirane er det nærmaste ein kan komme opp mot Bergen-Belsen i dagens verden. Det er så trongt at alle må stå, - det er ikkje plass til å sitte! Sove må dei gjere »i klase», og kvar natt blir folk klemt i hel. Mange døyr av svolt og utmatting, mens dei ventar på den vestleg inspirerte »krigsforbrytar-domstolen». Folk frå domstolen har »inspisert» leirane og sett redslane, tilsynelatande utan å reagere på det som i seg sjøl må vere eit krigsbrotsverk av alvorlegaste slag.

Så lenge den norske regjeringa støttar barbariet i Rwanda, gjer dei seg skuldige i rasistisk menneskeforakt av verste slag. Er det dette som er Vollebæk/Matlarys »verdibaserte utanrikspolitikk»?

Harvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.