1. Krajina/Kosovo, - tidobbel »massakre-frekvens»?
Ei heil verd er forskrekka over massegravene i Kosovo. Til nå er det så vidt underskrivne har registrert, funne omkring 1000 døde. Det blir påstått i media, ut frå udefinerte »engelske kjelder», at det kan vere omkring 10 000 døde i alt. Sjølv om slike tal gjerne skrumpar kraftig når dei offisielle oppgiftene ligg føre, (jfr. Srebrenica), så la oss likevel i første omgang bruke talet 10 000 som utgangspunkt. At media og menigmann reagerer på dette, er rett og riktig. Desto meir kynisk og dobbeltmoralsk blir det når dei samme media ikkje reagerer på etnisk reinsing og massakrar mot serberar.
Slike ugjerningar skjer overfor serberar i Kosovo, men i relativt liten målestokk, så det er ikkje derfor det er grunn til å reagere mot media. Men da Kroatia - med stillteiande aksept og underhands assistanse frå USA/NATO - foretok etnisk reinsing av den serbiske befolkninga i Krajina i 1995, var det bortimot 200 000 menneske som vart fordrivne. Talet på massakrerte sivile serberar variererfrå 9000 (FN-oppgaver) til 14 000 (Sven Tarps bok om Jugoslavia 1999).
Etter eit grovt anslag ligg altså talet på dødsoffer i Krajina og Kosovo på samme nivå. Men i Kosovo er det to millionar albanarar, altså ti gonger så mange som dei fordrivne serberane frå Krajina. Dermed blir »draps-frekvensen» i Krajina ti gonger så høg som i Kosovo. Og dette skjedde utan at vestlege media brydde seg med det. Dei var nærmast »upartiske» eller til og med positive til den etniske reinsinga. Og ikkje ei einaste massegrav er opna med den norske Dagsrevyen eller andre vestlege media til stades.
Korfor sto aldri Hans W. Steinfeld og Håkon Børde og reporterte om massegravene i Krajina? Korfor hørte vi aldri reaksjonar frå Jagland, Bondevik og Solheim til det som var ei tidobbelt ille drapsbølgje i forhold til Kosovo? Er det fordi det var »dei rette» som vart drepne i Krajina?
2. Kor mange døde er funne i Srebrenica?
Ei anna luguber medie-historie gjeld kor mange som vart massakrert i Srebrenica. Der opererer dei fleste media med tal på frå 8000 til 11 000, slik dei første byrå- meldingane gjekk ut på like etter det skjedde.
Seinare har FNs folk drive systematiske undersøkingar i området, og til nå har dei i følgje offisielle tal frå omkring årsskiftet var det funne under 2000 døde. Ein del av desse var folk som fall i kamp, og enkelte var truleg serbiske. Berre 45 er endeleg identifisert.
Like etter at Dayton-avtalen skaffa FN innpass i området, utbasunerte amerikanske styresmakter at ein hadde »registrert massegraver for omkring 3500 frå lufta». FN undersøkte området, og fann berre eit hundeskjelett. Det var faktisk nypløgd åkerland det var snakk om! Men dette blei aldri meldt i vestlege media.
Påstandane om at »8000 menneske er sakna», er heller ikkje bekrefta. Amerikanske aviser kunne melde om cirka 4000 muslimske mannfolk frå Srebrenica som var samla i ein leir nord for Tuzla, og det er sannsynleg at desse sto på dei opphavlege listene. Til og med nøkterne muslimske media i Bosnia opererer med omkring 3000 døde i Srebrenica, mens vestlege media held fast ved 8000. Slike tal-prosedyrar er i seg sjølv heslige, da to tusen massakrerte er ille nok. Det er berre det at dei høge tala er del av ei systematisk demonisering av heile den serbiske befolkninga.
Aller verst blir det når ein journalist (vikar?) i dansk Information skriv at »berre 45 av 8000 utgravde lik er identifisert i Srebrenica». Det er farleg kunnskapsløyse, som redaksjonen pliktar å stoppe, for ikkje å miste truverdet.
Harvig Sætra