Innsiktsfull avsløring om demoniseringa av Milosevic i danske.

Information



Den danske avisa »Information» er kjent for god innsikt i internasjonale saker. Under Balkan-krigen har journalistane generelt vore nokså pro-NATO. Unntaket er den røynde reporteren Karsten Fledelius, som også kan serbo-kroatisk. Han har to svært oppsiktsvekkande innlegg i avisa den 28. og 29. juni i år, som punkterer NATOs agitasjon mot personen Milosevic på ein effektiv og overtydande måte.

Bløffen om Milosevics tale på Kosovo Polje. I mange år har vi hørt om Milosevics tale på 600-årsminnet for slaget ved Kosovo Polje i 1389. Samme året vart Kosovos særstatus innan Jugoslavia endra, etter at Tito hadde gitt provinsen eit vidtgåande sjølvstyre - noko som førte til trakassering av det serbiske mindretalet, og til »etnisk reinsing» av over 22 000 serberar frå delar av Kosovo.

Det har vore lansert utallige presseoppslag om kor »brautande nasjonalistisk» Milosevics tale var, utan at det har vore framført andre sitat enn dette: »Ingen skal lenger få banke opp serberar ustraffa i denne provinsen». Og det er vel for så vidt eit rimeleg ønske hos ein statsleiar i eit kva som helst land, at det ikkje skal skje valdshandlingar mot etniske grupper, anten dei er fleirtal eller mindretal. Likevel har dette sitatet gjerne blitt tolka som at »Milosevic slo på stortromma» og liknande ukvemsord.

Karsten Fledelius fann ut at på tiårsdagen for talen skulle han skaffe seg teksten og studere kva som eigentleg står der. Han vart så overraska eller beint fram sjokkert at han seinare skreiv to kommentarartiklar om saka. Sjokket gjaldt ikkje Milosevics tale, men forvrengingane som vestlege media har kome med om det han sa. I følgje serbiske aviser dagen etter talen var hovudoppslaget dette, i mi omsetting frå dansk:

»Det er uomgjengeleg nødvendig med likeverd og semje mellom dei jugoslaviske folka, for at landet skal komme ut av krisa, og især for at vi skal oppnå økonomisk og samfunnsmessig velstand.»

Om Kosovo-slaget i 1389 sa han:

»I dag er det vanskeleg å seie kva som er historiske sanningar og kva som er legende».

Han omtalar likevel slaget som eit nederlag. Men han understrekar at den militære overmakta frå Osmaner-riket ikkje er einaste årsaka, men også usemje og forræderi på serbisk side. Samtidig hevdar han at serberane aldri har undertvinga andre folkeslag. Dei serbiske krigane har vore frigjeringskrigar, som også nabofolka har hatt nytte av.

KF er enda meir overraska når Milosevic så sterkt understrekar at det aldri har budd berre serberar i Serbia, men også borgarar av andre folkeslag. Ordrett seier han:

"Personleg er eg overtydd om at det er ein fordel for Serbia. Dessutan er det slik at alle land, spesielt dei rike og utvikla, endrar si nasjonale samansetning. Med stadig større suksess lever borgarar av ulik nasjonalitet, tru og rase saman.. Jugoslavia er ei multinasjonal eining, og kan berre eksistere på basis av fullt likeverd mellom alle dei nasjonane som bur i landet."

Om framtida seier han:

»I dag står vi igjen framfor kampar - men ikkje med våpen, sjølv om vi ikkje heilt kan utelukke det. Vårt viktigaste slag dreier seg om å skape økonomisk, politisk og kulturell velstand.»

Altså ein heilt normal statsmannstale i eit så samansett land som Jugoslavia. Fledelius spør om M. talte mot betre vitande? Kommentarar frå opposisjonelle aviser tyder ikkje på det. Eller er han berre verdas uheldigaste statsleiar? Dersom lesaren er forvirra etter denne gjennomgangen, er det med god grunn, seier K.F. - Han kunne vel føydd til at forvirringa i første rekke er skapt av vestlege medias »tolkingar» av talen - som truleg berre ein liten minoritet av journalistane har kjent ordlyden av.

Fortolkingane av Milosevics tale på Kosovo Polje i 1989 føyer seg inn i det samme mønsteret som medias framstilling av Rambouillet-diktatet og av andre viktige dokument i Balkan-samanheng: Journalistane har ikkje sjekka kjeldene, men trudd blindt på propaganda frå ein uheilag allianse av NATO-propagandistar og private PR- firma betalt av Serbias fiendar.

For også UCK har engasjert det berømmelege amerikanske firmaet Ruder Finn, som med sine løgner var med på å gi Balkan- konfliktane eit heilt anna forløp enn det som ville skjedd dersom vestleg opinion hadde fått lov til å vite fakta.

Kor mange menneskeliv er tapt på grunn av løgner frå NATOs, Kroatias, det muslimske Bosnias og UCKs »spin doctors»? I alle fall heilt sikkert såpass mange at sjefane i desse »bedriftene» burde sitte framfor domstolen i Haag, dersom denne vil komme seg ut av det rasistiske skôrfestet den har sett seg sjølv i.

Harvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.