Los Angeles er sett på som bil-galskapens by i særklasse. Og det er i stor grad riktig. Men fleire raskt-veksande storbyar i Den tredje verda er i ferd med å komme opp på sida av LA, i alle fall når det gjeld den prosentandelen av byens rikdom som folk brukar på transport. I LA blir 12% av byens produkt brukt til transport, mot 8% i dei fleste europeiske storbyar.
Likevel blir LA overgått av Bangkok, som brukar 17%. Men ein av Bangkoks konkurrentar i Asia, Singapore, brukar berrre sju prosent! Singapores suksess kjem av beinhard planlegging og disiplin. Og planleggarane satsa på elektriske trikkar og banar, ikkje på privatbilar og bussar.
Det er eit viktig poeng at satsinga på privatbilar og motorvegar er ei mannfolk-sak. Over alt der økologar kan fortelle suksess-historier om redusert privatbilisme, finn vi ved nærmare studium at det er «nøkkel-kvinner» som står bak. Motstanden mot fri bilkjøring blir oppfatta som «to take the toys from the boys», dvs. å ta leiketøyet frå gutta.
Singapore har større gjennomsnittsinntekt enn LA. Likevel er bilbruken seks gonger høgare i LA, mens bruken av offentlege transportmiddel er åtte gonger så stor i Singapore.
Verdensbanken åtvara Singapore mot transport-politikken. Det vart ein gedigen skivebom. Nå blir det vellykka transport-systemet oppfatta som ei viktig årsak til Singapores økonomiske suksess.
Peter Newman, professor i Perth,
Australia.