Politi-overgrep.



Tenk om du var gravid, og var på flukt med mann og ein sønn på tre år. Så, på sjølvaste julekvelden kom politiet og ville sende heile familien til eit land der du ikkje er velkommen, og der verken du eller barna dine kan leve.

Det høres ut som ei historie frå eit tysk-okkupert land under siste krig. Men det skjedde i finnmarksbygda Lakselv på den serbiske julekvelden 7. januar. Asylsøkarfamilien Puskar, med kona Svetlana, mannen Zelko og sønnen Nikola fekk beskjed på sin julekveld om øyeblikkelig deportasjon, stikk i strid med styresmaktenes forsikring om at julefreden skulle bli respektert. Dei fekk frist til neste morgon, - juledagsmorgon for dei.

Men den tidlegare Porsanger-ordføraren Aina Hanssen ville det annleis. Ho klarte ikkje å sjå på at den hardt prøvde småbarnsfamilien skulle tvangssendast til det uvisse. Da politiet møtte opp morgonen etter, var familien borte, og seinare på dagen blei dei smugla inn i kirka.

Riktignok seier Bibelen at "her er ikke jøde eller greker" osv. Men Jesu ord om likebehandling av mennesker gjeld tydeligvis ikkje for serberar. Vi har sett fleire plasser i landet at serbiske asylsøkarar er "uønska" av prestar og menighetsråd. Så også for sokneprest Rustad i Porsanger. Han vil prøve å få biskop Steinholts hjelp til å la politiet bryte kyrkjefreden og pågripe treåringen Nikola og hans gravide mor for deportasjon. Det fall derfor i eks-ordførar Aina Hanssens lodd å forvalte guds ord i bokstaveleg meining i Lakselv.

Tida vil vise om serberar får samme behandling som andre asylanter. Det er ingen ting som tyder på at biskop Steinholt vil gi klarsignal for politiet, heller tvert om.

Vi som kjenner nordnorsk krigshistorie, veit at over 3500 serberar blei pint ihel i fangeleirar i Norge. Enkelte av torturistene var norske.

I den nazistiske staten Kroatia var det langt verrre. Der vart omtrent tredjeparten av befolkninga i familien Puskars heimtrakter slakta ned av den kroatiske nazi-organisasjonen Ustasja. Bestialiteten i desse nedslaktingane var så ille at til og med det tyske SS klaga til Hitler over det kroatiske barbariet!

I dagens Kroatia brukar ein det samme flagget som nazi-staten under siste krig. Krigsforbrytarar får gater og plassar oppkalt etter seg. Historiebøkene blir omskrivne, og ugjerningane under siste krig blir bagatellisert.

Styresmaktane pressar serberane til å selje eigedommane sin for omlag 10% av markedsverdien. Dei som ikkje vil selje, får "besøk" av bandar med tilknytning til fascistiske organisasjonar. Dei må også skrive under på at dei "ikkje seinare skal gjere krav på eigendom i Kroatia". Derfor har ikkje familiar som Puskar og andre noko som helst å komme tilbake til.

Desse opplysningane vil ikkje norske styresmakter godta. Men det går klart fram av rapportar som Helsingforskomiteens folk har avgitt, og det meste er bekrefta også av Amnesty Internasjonal. Norske styresmakter brukar elles alltid å lytte til desse to organisasjonane.

Vi har fått opplysningar om at ei gruppe gjenlevande av dei serbiske fangane i Nord-Norge, vil oppfordre Justisdepartementet om å gi asyl til minst 3500 serberar frå Aust-Slavonia, - like mange som vart myrda i leirene. Ein av forfattarane bak den norsk-jugoslaviske filmen "Blodveien", Ostoja Kovacevic, som skriv norsk, har sendt eit brev til Aud Inger Aure om samme sak.

Serberane er også mennesker.

Harvig Sætra 10.01.99



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.