Fordel for Kosovo-albanarene å kaste Milosevic?



Først ein stor takk til forskar Bengt Holmen for hans utsegner til media om forholdet mellom Milosevic og den serbiske opposisjonen. Illusjonane om at ein siger for opposisjonen ville gjere situasjonen lettare for kosovo-albanarane har vore som metertjukk betong i norske media, til og med i aviser som seinare skreiv mot krigen. Det einaste unntaket har vore Friheten, der vi heile tida har påpeikt nettopp det som Bengt Holmen seier om serbisk opposisjon.

Enkelte journalistar har lagt vekt på at den albanske befolkninga i Kosovo kunne bidratt til å kaste Milosevic dersom dei ikkje hadde boikotta vala. Det er sjølvsagt rett.

Men ville det vore fordelaktig for befolkninga i Kosovo? Det er ikkje dekning for å seie dette ut frå dei fakta som Holmen legg fram, snarare tvert om. Holmen peikar heilt korrekt på at dei nye makthavarane i Serbia truleg ville blitt ein allianse mellom Draskovic og Djindjic, med støtte av ekstremisten Seselj. Men ein slik allianse ville ha vore vel så steil overfor Kosovo som Milosevic og hans koalisjon. (Truleg har Seselj eit langt større ansvar for massegravene i Kosovo enn nokon annan serbisk politikar. Likevel er han unntatt frå krigsforbrytartiltale! Det viser klårarte enn noko annna at krigsforbrytardomstolen først og fremst er ein politisk domstol.)

Før 1992 var USA klar til å halde ei vernande hand over alle tenkelege serbiske koalisjonar som ikkje hadde kommunistane med. Dette har mange framståande amerikanske kommentatorar peika på, frå Brzezinsky og Bodansky på høgresida til Chomsky på venstresida.

La oss seie at den «borgarlege» opposisjonen ( i betydninga «ikkje utgått frå Titos kommunistparti») hadde tatt makta ved vala i Serbia. Det kunne i praksis berre skje gjennom alliansen Draskovic/Djindjic saman med nasjonalistar på høgresida. Denne alliansen var nesten til forveksling lik den politiske koalisjonen som dominerte den serbiske befolkninga i Kroatia og Bosnia. Med andre ord: Dersom Milosevic hadde tapt vala omkring 1990, ville dei leiande serbiske politikarane både i Kroatia, Bosnia og sjølve Rest-Jugoslavia vore på linje. Og ein leiande person innan denne alliansen ville vore Radovan Karadzic.

I ein slik situasjon ville aldri USA blitt med på noko som kunne føre til at den «vestvennlege» koalisjonen i hovedlandet Serbia tapte valet til «kommunisten» Milosevic.

For Tyskland ville dette vore ein katastrofe, og Vest-Europa ville kalla det eit moralsk nederlag. Men amerikanarane ville akseptert det som uunngåeleg. Dersom EU og FN likevel hadde pressa fram anerkjenning av dei to statane med uendra grenser, ville situasjonen vore ein ganske annan på Balkan: Serbia ville fått avgjerande ryggdekning av USA, som ikkje likar den tyskvennlege og sterkt antisemittiske Tudjman. I den samanhengen ville dei fått solid støtte av Israel. Det serbiske opprøret i Kroatia og Bosnia ville fått amerikansk velvilje, og dei to statane ville fått sine «Kosovos» med serbisk fleirtal. For Bosnias vedkomande ville det utgjort over halvparten av statens areal. (Etter amerikanske anslag var 64% av Bosnias areal i serbisk eige. Men dei mest ressurs-rike områda var muslimsk eigendom).

Det er utenkeleg at nasjonalistar som Draskovic og Djindjic ville funne seg i ei slags «de facto» godkjenning av nåverande Bosnia og Kroatia, slik Milosevic har gjort. Holmen peikar da også på det klare faktum at Draskovic og Djindjic var (og er!) meir ekstreme når det gjeld Bosnia og Kroatia enn Milosevic. Vestens «yndling» i dag, Zoran Djindjic, rekna seg, i alle fall tidlegare, som partifelle med Karadzic. Kva ville i så fall skjedd med Kosovo?

Det samme som ville skjedd dersom Draskovic, Djindjic & co hadde klart å velte Milosevic i 1995: USA ville insistert på å «forsvare Serbias grenser», og eit USA- vennleg regime i Beograd ville truleg fått samme støtte som det tilsvarande i Ankara. Hugs at inntil ganske nyleg oppfatta amerikanarane UCK som «terroristar», på linje med PKK. Og sjølv om eit USA-vennleg regime i Beograd truleg hadde gått enda hardare fram mot befolkninga i Kosovo enn det Milosevics koalisjon gjorde før krigen starta 24. mars, så er det for småtteri å rekne i forhold til den tyrkiske framferda mot kurdarane. USA hadde ikkje hatt skruplar med å la kosovo-albanarane segle sin eigen sjø. Og truleg kunne Demaci og andre albanske leiarar delt Öcalans lagnad, med passiv amerikansk aksept.

På sett og vis er det Rest-Jugoslavia som har tapt, og tapt aldeles avsindig, på å velje den moderate nasjonalisten Milosevic framfor dei meir ekstreme nasjonalistane på høgresida. Balkan-kartet ville ganske sikkert sett heilt annleis ut dersom dei høgre- nasjonale hadde vunne.

Dersom underskrivne var kosovo-albanar og ville slåst for eit uavhengig Kosova, ville eg for alt i verda ikkje bidratt til Milosevics fall. Tvert om: Eg hadde benytta meg av at vala er hemmelege også i Serbia, og stemt konsekvent på Milosevic. Det ville vere den einaste metoden for å få militær støtte til eit lausrivingsprosjekt.

Heile hendingsgangen før, under og etter krigen viser det. Korleis skulle UCK elles i praksis blitt «NATO-land nr. 19», og fått bruke alliansens flyvåpen til sitt prosjekt? Er det nokon som for alvor trur det ville skjedd, dersom det var Djindjic som var jugoslavisk president, og ikkje Milosevic?

Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.