«Levellers» («utjamnarane») og «Diggers» («gravarane»).

o ukjente revolusjonære grupper for 350 år sidan,
med perspektiv til FIAN i dag.



T Også på 1600-talet forekom det okkupasjonar av storfolkets jord. «The Levellers» var den mest slagkraftige av desse rørslene, og den store ideologen var John Lilburne med pamfletten «An Agreement of the Free People of England». Levellers fekk framgang på grunn av boktrykkarkunsten og leseferdigheita i samband med innføring av allmenn skolegang.

Men for diktatoren Cromwell var dei hår i suppa. Han nedkjempa Levellers og sette leiarane i fengsel, mens ein del vart avretta. Rørslene liknar på Lofthus-rørsla og andre bonderevolusjonære rørsler i vårt land.

«The Diggers» var ein etterfølgjar av «Levellers». Frå 1649 og utover dreiv dei regelrett jord-okkupasjon, slik vi nå ser i land som Brasil og Colombia. Dei vart hardt forfølgt og straffa, men ideane heldt seg i tida etterpå, og religiøse sekter som Kvekarane tok opp ein del av deira program.

I dag er det FoodFirst International Action Network - FIAN - som arbeider for denne sida av menneskerettane: retten til mat, husvere, enkel medisinsk behandling og undervisning på morsmålet. Desse rettane står innskrivne i ESC-konvensjonen - Economical, Social and Cultural Rights, - som vart vedtatt av FN på 16.12.66, samme dag som konvensjonen om Civil and Political Rights. Den siste er den einaste som USA anerkjenner. Og Amnesty International, som er USA-finansiert og følgjer amerikansk politikk slavisk, anerkjenner berre CP-rettane som «riktige menneskerettar».

FIAN, derimot, følgjer opp ESC-rettane. Derfor får ikkje FIAN lov til å vere med på den norske TV-aksjonen 1999, trass i FNs nesten einstemmige vedtak i 1966, som Norge stemte for, og har ratifisert i ettertid. Vi er alltid så nasegruse slavar av USA at ikkje ein gong einstemmige stortingsvedtak kan hindre knefall for USA når det gjeld TV-aksjonen.

Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.