Monarkens død.

Dette ser vel ut som eit oppslag i «Hjemmet».
Men det handlar om genspleising.



Monark-sommarfuglen (Danaus plexippus) er rekna som ein av dei vakraste sommarfuglane i verda. Den er også verdas mest kjente «trekk-sommarfugl», fordi han er i Mexico om vinteren, og trekker nordover til USA om sommaren. Der legg hoene egg på ein stor silkebusk, Asclepias syriaca. Larvane et blad av denne planten, som er giftig, og dei sjølve tålar gifta, mens fuglane ikkje gjer det. Derfor er larvane verna mot å bli etne.

Fordi maismarkene i dei amerikanske sørstatane produserer store mengder pollen, vil bladverket på silkebusken oftast vere dekt av dette. Normalt et larvane dette som eit kjærkomment «kost-tilskot».

Nå viser det seg ved forsøk i USA at dersom det er pollen frå genspleisa mais på blada, døyr halvparten av monark-larvane på fire dagar, og resten blir mindre enn normalt, slik at det vaksne individet neppe kan klare å gjennomføre haust- og vårtrekket. Dette melder tidsskriftet «Nature». Dei trur at dette kan snu stemninga i USA når det gjeld genspleisa matvarer.

Den genspleisa maisen har fått tilført eit gen frå ein bakterie, og dette vernar maisplantene mot å bli etne av insekt. Tidlegare har amerikanske media reklamert med at dette vil føre til mindre sprøyting. Men nå har dei nyoppdaga konsekvensane fått økologane til å snu. EU-kommisæren for miljø, danske Ritt Bjerregaard, sa straks etter dette at genspleisa mais blir forbode i EU.

Stemninga mot genspleising når nye høgder. Muligens er det innslag av hysteri. Men det svekkar ikkje folks skepsis at det heile blir styrt av nokre få multinasjonale selskap, som har investert milliardar i genspleisings-prosjekta. Det er vanskeleg å tru på dei risiko-analysane dei foretar, og eksemplet med monark-sommarfuglen viser at folk har grunn for sin skepsis.

Hartvig Sætra




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.