Billig vegtransport -

ei ulykke for distrikta og miljøet.



Billig vegtransport er den mulitnasjonale industriens våpen i kampen mot dei lokale sysselsttings-strukturane. Samtidig lar den billige vegtransporten vere å betale enorme rekningar til samfunnet i form av ulukkar, forureining, drivhuseffekt og støy. Lastebilsjåførane har ikkje skikkeleg vern av arbeidstida og arbeidsmiljøet.

Vegtransport i EU er eit uintelligent system, seier professor Hermann Knoflacher ved det tekniske universitetet i Wien.

Ti Storebæltsbruar i året.

Det er dansk "Informasjon" som tar opp denne saka. Ein kronikør etterlysar den innstillinga som EUs transportkommisær Neil Kinnock la fram i 1996, og som var utarbeidd av hans framste ekspertar. Sakspapira viser at godstrafikken på det europeiske vegnettet etterlet seg ei rekning på 420 milliardar dkr., som svarar til ti bruar over Storebælt. Berre ulykkene kosta i 1991 heile 165 mrd.

Årleg blir det transportert eit ufatteleg tal på 10.000.000.000 tonn på det europeiske vegnettet, og talet er i vekst, mens jernbane- og sjøtransporten stagnerer eller avtar. Verre er det enorme sløseriet på grunn av at 40-60% av alle lastevogner i EU kjører rundt tomme, og ein god del av resten er halvfylte. Årsaka til dette er "just in time"- begrepet. For å forklare dette kan vi sjå på ein person i Skandinavia som kjøper ein HP Printer. Straks vil ein HP fabrikk i Sør-Tyskland begynne å produsere ein tilsvarende printer, og innan 48 timer skal den vere på plass i den butikken der kunden to dager før gjorde innkjøpet.

På den måten unngår HP å produsere for lager. Det er dyrare enn å blåse transport-behovet opp, fordi ein stor del av transport-kostnadene blir betalt av samfunnet, ikkje av transportfirmaet eller dataprodusenten. Det er med andre ord snakk om ei himmelropande grov subsidiering, som alikevel ikkje får denne merkelappen av EU sjølv. Og dei multinasjonale har flytta lagrene sine ut på vegane, fordi dette er billigare enn stasjonære lager.

Også industrien brukar "JIT"-prinsippet. Tekstilindustrien i Sveits brukar høgteknologi for å tilskjære tøy. Deretter blir det sendt med trailer til Portugal, der dårleg betalte kvinner syr det saman. Så blir det sendt tilbake til forbrukarane i Sveits.

I Finnmark kan ein oppleve å få frityrstekt torsk og fiskegrateng som er produsert i Danmark. Men da er ofte fisken først tatt på land i Berlevåg, kjørt til Danmark, produsert der, og kjørt tilbake til frysedisken i Berlevåg.

Det er ganske klart at når slikt ressursmessig vanvit kan vere lønnsamt, kan det berre skje fordi industrien ikkje betaler rekninga. Og dersom vi skal redusere CO2-utsleppa, må dette vere den første sektoren vi slår ned på.

Arbeidsforholda for sjåførane.

Vi har på TV sett franske sjåførar streike mot arbeidstid og vilkår. Det skal vi ikkje undrast over. Riktig nok finst det reglar for kjøretidar i EU, men dei blir berre kontrollert i forhold til bilen. Om sjøføren søv, eller han er i fullt arbeid med lasting og venting, blir ikkje registrert. Og eit firma som tvingar sjåførane til jobbing også i kjørepausane, vil presse ned kostnadene og vinne konkurransen. Sjåførane tør som regel ikkje protsetere, for det er nok av folk til å ta over jobben.

Mykje av kjøringa skjer om natta for å unngå trafikk-kork. Men dermed kjem ein i konflikt med sjåførenes "biologiske ur", og trafikkulykkane aukar pga. sjåførar som sovnar ved rattet. Ei viktig årsak er også at når bilane står stille om dagen, får sjåføren dårleg sømn i ein sterkt oppvarma bil i eit område med stor støy.

Den internasjonale Transportarbeidarføderasjonen ITF har tatt affære. Derfor dei mange sreikane og vegblokadene. Men da greip EU-kommisjonen inn. Blokadane forstyrra "den frie bevegelsen av varer", og det er eit hellig prinsipp i EU. Derfor vart transport-sjåførane fråtatt streikeretten!

Bak kravet om billig og uhindra vegtransport står det mektige transport-forbundet IRU, som i mange land er strerkt mafia-infisert, og den enda mektigere "European Round Table of Industialists", som er pådrivar for interessene til storindustrien.

Lokalt jordbruk og småindustri blir knust av vegtrafikk-subsidieringa.

Den danske kronikøren, Søren Kirk Christiansen, og førnemnte Knoflacher, har skrive vektige bøker mot vegtransport-vanvitet. Dei understrekar at den subsidierte vegtransporten fører til sentralisering og lokal arbeidsløyse, og ber både representantar for småindustri, jordbruk og fagorganiserte om å reagere. Alt for ofte har fagorganisasjonane velsigna nye vegar, bruar og tunnelar, seier han, utan å begripe at dei er med på å gi andre arbeidsfolk sparken,- spesielt dei som har klart å tilkjempe seg gode faglige vilkår lokalt. Den billige vegtransporten er derfor ein potensiell fare for etablerte faglege rettigheter i Europa.

Den samme mekanismen råkar bøndene. Billig transport gjer at den lokale matproduksjonen blir skvisa. Og på grunn av det umenneskelege presset på sjåførane kan ferske varer nå fram til europeiske marknader frå lågkost-land som heller burde selt billig mat til sine eigne fattige.

Vi kan også føye til, ut frå norske røynsler, at media ofte er i lomma på storkonsern og transportørar. Derfor blir det fokusert ekstremt på matvareprisane i aviser og andre media,- til og med i vår statlege radio og TV som burde vere forplikta å komme med motforestillingar. Vi har aldri sett at Dagbladet, VG, TV2 eller NRK ta opp dei ti Storebælt-bruane til debatt. Mens norske bønder får unngjelde nærmast utan stans.

Lokal småindustri går i samme fella. Mens Norge og andre land tidlegare hadde offentleg finansiert fraktutjamning, er det i dag dei store, sentraliserte konserna som nyt godt av "innebygde" transport-subsidiar. Småbedriftane i utkantene blir dermed konkurrert ut, også lokalt. På grunn av den billege transporten er ikkje lenger nærleik til marknaden ein strategisk fordel.

Mykje å vinne ved å tvinge vegtransporten til å betale ekstern-utgiftene.

  1. Distriktsutbyggings- og sentraliseringsutgifter som i dag blir finansiert av folks skattepengar, kan minskast gjennom rettferdig konkurransevilkår for lokal industri og jordbruk.

  2. Det blir ein dramatisk nedgang i bruk av fossilt brennstoff, og sterkt redusert forureining og CO2-utslepp.

  3. Ein del av reform-pakka må vere å innføre betre arbeidsvilkår for sjåførane.

No er det jo slik at med minska transport vil det bli ferre arbeidsplasser på vegane. Men samla vil talet på arbeidsplasser auke. Og er ikkje ein roleg arbeidsplass på eit lager eller ein småbedrift betre enn ein stressande og farleg sjåfør-jobb?




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.