Kva folkeslag er det akseptabelt å bombe?

Spørsmål til verdikommisjonen.



Det er både vondt og vanskelig å kritisere folk som ein i sak stort sett er enig med. Men det er nødvendig å gjere det dersom det eine unntaket er fatalt.

Eg er positivt overraska over at så mange medlemmer av verdikommisjonen går mot bombing av Irak utan dekning gjennom FN. (Men eg er litt betenkt over at dei fleste ville bombe dersom FN gav klarsignal).

Spesielt overraska er eg fordi den forrige leidaren av kommisjonen var rasande over at ikkje Vestmaktene bomba Serbia så fort som råd i fjor haust. Det var ingen av kommisjonsmedlemmene som reagerte på dette rabiate utspelet. Og det var ingen av dei 11 som nå reagerer, som hevda offentleg at det var galt å bombe Serbia i strid med vedtak i Sikkerhetsrådet.

At bombinga ikkje kom, kan nok kommisjonen vere glad for i ettertid. For kva er det som er forskjellen på å boikotte og bombe den serbiske befolkninga og den irakiske? Bortsett frå at serbarar er definert av våre media og politikarar som "Europas avskum"?

Men slikt skal vel verdikommisjonen heve seg over? Det er ei vanleg bortforklaring å skulde på statsleiarane. men ei slik sammanligning vil nok snarare vege til Milosevics fordel. Han er valt av sitt eige folk, i motsetning til Saddam. Og ingen har mistenkt han for å utvikle bakteriologiske og kjemiske våpen.

Når det gjeld forholdet mellom Beograd og Kosovo er det neppe verre enn forholdet mellom Saddam og kurdarane i nord eller shiaene i sør. Etter mitt syn bør både albanarar, kurdarar og shiaer ha den samme retten til sjølstyre. Men det er forbausande mange som berre vil gi slik rettar på bekostning av Serbia, ikkje Kroatia, Tyrkia eller Irak. Dette må vere eit dilemma for Verdikommisjonen.

Boikottsituasjonen og svolten er nok verre i Irak. Men også Serbia, med 650 000 etnisk utrensa serbarar som flyktningar, blir boikotta. Treng ikkje serbiske barn mat og medisin?

Verdikommisjonen har "studert Auschwitz". men kvifor svarar ikkje kommisjonen når eg ber dei ta opp det dilemmaet at "Balkans Auschwitz", Jasenovac, er radert ut av norske leksika og historiebøker, og at vår media kolporterer Tudjmans løgnhistorier om saka?

Det er veldig bra å reagere på at vesten brukar bomber i strid med FN-vedtak. Men ein bør vel gjere det utan unnrak. For som ein filosof skal ha sagt: "Det er vel og bra å elske nesten alle folkeslag. Men det er det eine unntaket som gjer oss til rasister."

Harvig Sætra



TIL MERE MARXISTISK LITTERATUR. (KLIKK HER.)
(der i blant)INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.