Skammeleg blokade

I 17 år har USA sin blokade av Cuba blitt behandla av FN si hovudforsamling. Resultatet har alltid vore det same: Eit stort fleirtal av medlemslanda har fordømt denne praksisen. For kort tid sidan kom spørsmålet oppatt på nytt, og denne gongen var USA meir isolert enn nokon gong tidlegare. Det var no berre Israel og Palau, ein øystat i Stillehavet med berre 20.000 innbyggjarar, som støtta USA.

I følgje cubanske styresmakter har blokaden kosta landet 93 milliardar dollar sidan han vart innført. I fjor kosta blokaden 4.1 milliardar dollar, som er nesten like mykje som dei fem milliardar som orkanane Gustav og Ike påførte landet. Når tala er så høge som dei er, så heng dette saman med blokaden sine ekstraterritoriale verknader. Han omfattar til dømes ni av ti av dei største firmaene i verda, avdi dei har noko amerikansk kapital på eigarsida eller på anna vis er bundne av amerikanske lover.

Avdi kubanarane nyleg har funne store mengder olje og naturgass, er det no spekulasjonar om desse naturressursane vil slå hol i USA sin blokade. Ein valsiger til Obama kan også vise seg å bli ein spiker i denne blokade-kista. Men uansett er det å oppretthalde blokaden etter dei øydeleggjande orkanane tidlegare i haust uttrykk for ein ekstrem kynisisme. Kor lenge skal USA få lov til å vere verdspoliti?

 

Kjell Underlid

Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS)