NY MAKTDELING I KAMBODSJA -

DÅRLEG NYTT I VESTEN?



Så lenge det var strid etter valet i Kambodsja i fjor, var det stadig reportasjar i aviser og NRK. Men brått tok alt slutt.

Forklaringa er nok at dei to største partia vart einige den 23. november i fjor, om at Hun Sen skulle vere statsminister i landet, og at Norodom Ranariddh skulle vere president for parlamentet. Hun Sens sosialistparti får med sine 64 parlamentsmedlemmer 12 medlemmer i regjeringa. FUNCINPEC har 43 representantar, og får 11, bl.a. for finans, handel, landbruk og undervisning.

Det har irritert både Vesten, Kina og AKP/RV at Hun Sens parti har stått sterkt i befolkninga heilt sidan CPP saman med Vietnam fjerna Pol Pots redselsstyre. Vestlege media, bl.a. NRK, har det stadig travelt med å fortelle at "Hun Sen var ein gong medlem av Røde Khmer". Men han braut med RK allereie i 1978, før Vesten, norske styresmakter og AKP omfamna den samme Pol Pots eksilregjering.

Det er nok årsaka til at alt som er godt nytt for Kambodsjas befolkning, er dårleg nytt for norske og vestlege media.

Hartvig Sætra



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.