Den gongen då lønsskilnadene var mindre enn i dag, og innslaget av statleg styring i det økonomiske livet var sterkare, nemleg frå 1945 til kring 1980, var veksten i økonomi, levestandard og velferd endå større enn i dag. Det var då grunnlaget for den norske suksessen vart lagt; Noreg gjekk den lange vegen frå eitt av dei fattigaste landa i Europa til verdstoppen.
|
Moralen må bli at utjamning av levekåra, ein sterk velferdsstat og statleg regulering av det økonomiske liv har vore ei suksesshistorie utan like. All fornuft tilseier at Noreg må gå vidare langs denne vegen, og snu dei aukande lønsskilnadene. Vi kan ikkje kvile på laurbæra, men må slå ring om det vi har oppnådd og kjempe for større utjamning. Likskap løner seg! Kjell Underlid Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS) |