Nyutnemnd kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa opnar for øyremerking av midlar til kommunane. Kleppa vil satse på sosial bustadbyggjing og meiner at øyremerking av midlar kan vere vegen å gå. Høgrerepresentanten i kommunalkomiteen har lite sans for dette, og meiner at Kleppa viser mistillit til kommunane alt frå første dag.
Magnhild Meltveit Kleppa har lenge utmerka seg som ein politikar med eit sterkt engasjement for svake grupper. At ho her syner mot og vilje til å gå frå ord til handling styrkjer tilliten til denne trauste rogalandspolitikaren.
|
Velferdspolitikken må ikkje bli prisgitt kommunale variasjonar når det gjeld økonomi og partipolitiske konstellasjonar under eit røykteppe av honnørord, som kommunalt sjølvstyre, lokaldemokrati og valfridom.
Øyremerking av midlar og overordna plan og styring må bli rettesnora for å sikre eit velferdsnoreg prega av likskap, utjamning, sosial rettferd og solidaritet. For å halde meg til same sanseorgan (øyret): Det er å vone at Kleppa held fast ved slik øyremerking, snur det døve øyre til høgrekritikken og held velferdsliberalistane i øyra!
Kjell Underlid
Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS)
|