Har KrF selt sjela si?



    Det nye byrådet i Bergen vert basert på samarbeid mellom Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti. FrP får ordføraren og Høgre byrådsleiaren. I og med at Bergen er den nest største byen i Noreg, har dette rikspolitiske implikasjonar.

    Det gamle sentrumspartiet Krf har såleis valt side, og går i kompaniskap med det gamle klassepartiet for dei velsituerte, Høgre, og det høgrepopulistiske FrP. Partiet Venstre var rakrygga og prinsippfaste nok til å takke nei.

    Krf sin veljarmasse høyrer i større grad enn kva tilfellet er for andre politiske parti til dei lågtlønte, og skulle såleis sjå seg tent med ein utjamningspolitikk som Høgre og Framstegspartiet ikkje står for. Partiet har markert seg som tilhengar av ein restriktiv alkoholpolitikk, men vil no samarbeide med det rusliberale Frp.

    Krf hevdar at dei byggjer på det kristne nestekjærleiksprinsippet, men avviser formalisert samarbeid med parti som er tufta på arbeidarrørsla sin solidaritetstankegang.

    Kristeleg Folkeparti i Bergen får vel nokre taburettar, men kva hjelper det når dei sel sjela si?

    Kjell Underlid

    Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS)




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


For å vite noe mere om Bevegelsen for Sosialisme. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NETTAVIS for Bevegelsen for Sosialisme.