Like før denne tragiske hendinga vart det rapportert at norske soldatar hadde drepe 25 afghanarar, men dette synest ikkje å ha utløyst dei same kjenslereaksjonane hos Strøm Erichsen. Men er ikkje livet til desse menneska like mykje verdt, jamvel om dei er mørke i huda, er fattige og dårleg utrusta militært? Sorga er sikkert like botnlaus hos deira næraste pårørande.
|
Dei norske soldatane skal hjelpe USA i landet sin ”krig mot terror”, ein krig som dagleg skaper meir terror. Forsvarsministeren skulle heller konsentrere seg om å trekke Noreg ut av dette moralske og politiske uføret. Drepinga i Afghanistan må stoppast! Kjell Underlid Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS) |