No er tida inne til å fordele krigsbyttet. Ei ny irakisk oljelov, som etter alt å dømme vil bli vedteken av parlamentet i Irak med det første, ser ut til å realisere hovudmålet med krigen: Å omforme landet sin oljesektor, som har vore nasjonalisert sidan 1972, og å gjere han tilgjengeleg for utanlandske investorar. Lova vil gje utanlandske oljeføretak høve til økonomiske gevinstar og innverknad som saknar sidestykke i andre oljerike land. Under arbeidet med den nye oljelova har USA og Storbritannia sine regjeringar, Det Internasjonale Pengefondet (IMF) og ulike oljeselskap i USA hatt innsyn i og høve til å påverke lovforslaget.
|
Krigen var tufta på ei lygn, nemleg påstanden om at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen. Hundre tusener har mist livet eller er blitt krøplingar som følgje av krigen. Mykje av infrastrukturen er øydelagt. Motsetningane og uroa i landet er større enn nokon gong. Og no vert altså oljen lagt ut på billegsal til internasjonale oljeselskap, dei fleste USA-baserte. Dette gjer USA, Noreg sin NATO-allierte. Korleis stiller den norske regjeringa, og det norske folk, seg til ei slik framferd?
Kjell Underlid Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS) |