Det er vanskeleg å vurdere i detalj det avtaleutkastet som G8-landa nå er samde om, rett og slett fordi utkastet blir ufullstendig presentert for vestleg opinion, både av NATO og dei stort sett NATO-trufaste media. På grunn av nedbombing av serbisk TV og sensur av serbisk byrå-stoff får vi heller ikkje vite den andre sidas versjon.
Men såpass mykje har vi fått vite, at vi kan slå fast følgjande: NATO har på ingen måte fått gjennomslag for den delen av Rambouillet-avtalen som vi kan kalle «Rambouillet II» (R II) , som alliansen gjekk til krig på, - og som dei fleste politikarar ikkje kjente innhaldet av da dei starta krigen. Det er ikkje utenkeleg at mange ville endra syn på bombinga dersom dei hadde kjent Rambouillet I på førehand. Tåkelegginga var derfor ei svært bevisst handling frå USA og NATO-leiinga for å få motvillige politikarar til å «velje riktig».
Nå har kritikarane av RII fått rett: Utkastet var uhaldbart. På ny er det viktig å tåkelegge, for at ikkje prestisje-nederlaget skal bli synleg.
Med andre ord har NATO bomba Serbia sønder og saman på bakgrunn av eit avtaleutkast som i ettertid har vist seg å vere dødt og makteslaust. Mens det første utkastet i Rambouillet (R I), som serberane var innstilt på å akseptere, nå dannar grunnlaget for G8-utkastet. Det betyr at NATO kunne fått den samme avtalen i midten av mars som dei har oppnådd nå.
Forskjellane er likevel enorme: på dei åtti dagane er talet på flyktningar frå Kosovo meir enn tidobla til mellom 700 og 800 000. Og eit heilt land med omkring 10 millionar menneske er lagt i ruinar. Øydeleggingane har ikkje berre gått ut over serberar, men også albanarar, muslimar og andre minoritetar.
Det er klart at dette vil få eit etterspel, både i media og på det politiske planet. Derfor var det ganske opplagt at USA i utgangspunktet var mot G8-planen. Tilsynelatande aksepterte dei den på diplomatisk nivå. Men som krigsaktør gjorde dei sitt beste for å torpedere den. Det skjedde ved at serbiske offiserar vart presentert for tilbaketrekkingsvilkår som det ikkje var grunnlag for i avtalen: Ein rein NATO-styrke utan russisk deltaking skulle ta plassen etter dei serbiske styrkane. Da serberane heldt fast på G8-utkastet, tåkela NATO det som foregjekk, og framstilte det som om det var serberane som var mot G8. Det var tjuven som ropa «stopp tjuven».
Dermed starta bombinga på nytt, og alle knehønene i NATO sa ja og amen, blant dei vår eigen statsminister. Vi kan rekne med at andre statsmenn reagerte heilt annleis, bak kulissane. I den situasjonen var EU i ei knipe. Alle visste kva EUs eigen ambassadør Ahtisaari hadde oppnådd, og at verken han eller oppdragsgivarane kunne gå tilbake på det utan å bli avslørt. Splittinga i Europa ville blitt enda større.
Vi kan rekne med at det under hand har vore ganske harde tak mellom EU og USA, og i skrivande stund ser det altså ut til at G8 vil bli vedtatt i FN, mens USA skjer tenner.
Det bør vi andre også gjere.
For å lage ei omskriving av Winston Churchills ord under siste krig: Aldri har ei så stor krigsmakt oppnådd så lite med så støre øydeleggingar. Dersom dette passerer utan at dei skuldige blir stilt til ansvar, betyr det ikkje berre at Serbia er rasert. Det samme er også vår eiga ære og sjølvrespekt