Valfridom



    Eitt av dei mest brukte honnørorda i den politiske debatten er valfridom. Individuell valfridom vert omtalt som eit vilkårslaust gode og ein umisteleg verdi. Valfridommen skal sikre einskildmennesket makt og sjølvstende i alle livsfasar og situasjonar, som det så vakkert heiter i marknadsfundamentalistane sin retorikk.

    Det menneskesynet som denne ideologien byggjer på er den egoistiske lykke- og lystsøkaren og det individualistiske og rasjonelle reknemaskinmennesket – homo economicus. Men mennesket er ikkje slik – det er sosialt og kulturelt og er utstyrt med moral og kjensler.

    Menneske treng ikkje maksimalt med valalternativ på alle livsområde, men ein høveleg grad av valfridom i forhold til dei store spørsmåla på livsvegen. Men i dag eksploderer valalternativa – vi kan velje mellom eit utal varer innan same produktkategori, sjukehus, skular til barna våre, levarandørar av straum, telefoni, Internett og mykje anna. Vi må orientere oss i reklamejungelen og vurdere pris og kvalitet. Det kan minne om ein heiltidsjobb, der nokon kvar kunne trenge sin eigen personlege assistent som kunne manøvrere i marknaden, innhente forbrukarinformasjon og tilbod o.a.

    Det er grenser for kor mykje tid, energi og merksemd vi ønskjer å bruke på slik verksemd, og mange opplever at det finst viktigare ting i livet enn å gjere ein god handel. Det viser seg at folk ikkje orkar å velje så ofte som marknadene krev, og at denne valtvangen skaper stress, misnøye, frustrasjonar og framandgjering.

    Det er heller ikkje slik at folk alltid veit sitt eige beste, korkje på kort eller lang sikt. Uheldige val kan vere skadeleg for ein sjølv, medmenneske og for samfunnet.

    Valfridommen er dessutan (for det meste) berre reell i den rike del av verda og for eliten i desse landa. Det er helst lommeboka som avgjer kva ein kan velje. Valfridommen forsterkar klasseskilja i samfunnet.

    Det er å vone at vi kan sleppe gnålet om individuell valfridom i framtida. I staden skulle vi tale om og arbeide for eit solidarisk og sosialt rettferdig samfunn, med universelle velferdsgode for alle.

    Kjell Underlid

    Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS)




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


For å vite noe mere om Bevegelsen for Sosialisme. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NETTAVIS for Bevegelsen for Sosialisme.