Nokre timar seinare same dag ligg det eit brev i postkassen frå straumleverandøren min med følgjande overskrift: Prisauke på kraft. I dette brevet står det sjølvsagt ikkje noko om det nemnde rekordoverskotet. Straumleverandørane skuldar elles på nedbør under det normale, låge vassmagasin, små snømengder og høgt forbruk. I nedbørsrike tider (som er det vanlege, i alle fall langs kysten), er dei same leverandørane tause om dette, og prisane går ikkje tilsvarande nedover. Det verkar no som forbrukarane lyt betale prisen for den dereguleringa av kraftmarknaden som skjedde for eit tid sidan. Vi har sett liknande i andre land. Då Danmark føretok ei tilsvarande deregulering, vart dette grunngjeve med at det ville resultere i lågare kraftprisar. Resultatet vart motsett: Prisane auka med 30 prosent i løpet av få år etter dereguleringa. ”Den frie marknaden” viste seg å vere svikefull, sett frå forbrukarane si side. |
Kraftprisane er like for alle, men prisauke rammar sørgeleg skeivt. For dei økonomisk velståande er det knapt merkbart. For fattigfolk og menneske som slit med å få endane til å møtast, kan det vere katastofalt. Ein annan ting er at kraftprisane (etter det eg forstår) delvis er halde utanfor konsumprisindeksen, slik at denne prisveksten ikkje fullt ut vert synleggjort. Dette har konsekvensar ved lønsforhandlingar og dermed for reallønsutvikling. Statkraft sin rekordprofitt og prisauke på kraft heng ikkje i hop. Vi må krevje at dereguleringa av kraftmarknaden vert omgjort. På dette området trengst samfunnsmessig styring og regulering. Kjell Underlid Medlem av Bevegelsen for Sosialisme (BfS) |