Djevelen var her.



    Djevelen var her, og det luktar enno svovel! Slik ordla den venezuelanske presidenten Hugo Chávez seg i ein tale i SN for nokre dagar sidan. "Djevelen" var den amerikanske presidenten George Bush, som hadde tala i same forsamling like før. Chávez kalla Bush for ein "tyrann" som opptrer som ein verdsherskar - jfr. Irak og Afghanistan. Vi må vel tilbake til Oluf Palme for å finne liknande språkbruk frå ein statsleiar - han tala som kjent om "disse satans mördare" i samband med USA si teppebombing i Vietnam kring 1970. Men "djevelen" er visst på ferde fleire stader. I eit intervju med Pakistan sin president Pervez Musharraf på CBS sitt "60 Minutes", vert følgjande avslørt:
    USA truga med å bombe Pakistan attende til steinalderen dersom ikkje Musharraf stilte fullt og heilt opp om USA sin "krig mot terrorisme". Trugsmålet vart framsett av den amerikanske visestatsministeren Richard Armitage overfor Pakistan sin etterretningssjef. Som nær NATO-alliert burde også Noreg protestere i klare ordelag mot USA sin arroganse, dominans og maktmisbruk i internasjonal politikk. Den norske utanriksministeren har her noko å lære av Hugo Chávez sin klare ordbruk. Djevelen si svovellukt er utåleleg. Kjell Underlid Medlem i Bevegelsen for Sosialisme (BfS)



(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


For å vite noe mere om Bevegelsen for Sosialisme. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NETTAVIS for Bevegelsen for Sosialisme.