Det var i februar, i eit hospital i Bagdad. Der møtte eg den 13 år gamle Jassim, som leid av ei agressiv form for leukemi. Han låg apatisk og såg ut over den spartanske sjukhussalen, med store mørke auge, som vart enda større i kontrast til dei vakre, bleike, nesten gjennomsiktige kinna. Det svarte, tjukke krølla håret skein som om det var glansa, og understreka guttens alvorlege helsetilstand.
Inntil han vart sjuk, hadde han selt sigarettar på gata i heimbyen Basra i sør. Barnearbeid er nå ein indre tragedie i eit land der det tidlegare var ein framifrå utdanningsstandard, og der foreldre vart mulktert for å halde barna borte frå skolen.
Basra, Iraks nest største by, låg bokstaveleg sagt i auget på Operasjon Ørkenstorm, og vart bomba på ein grusom måte under Gulfkrigen i 1991. Seksdoblinga av krefttilfelle hos irakiske barn har blitt bunde til bruken av avfalls-uran som kappe på rakettane. Det etterlet store mengder av radioaktivt støv. "Dersom slikt uranstøv kjem inn i kroppen, kan det potensielt føre til signifikante medisinske konsekvensar", heiter det i eit lakonisk notat frå US Armys miljø-institutt. Støvet vil vere radioaktivt i 4,5 millionar år. Det er ein epidemi av kreft over heile Irak. men i Basra er det ein eksplosjon.
Då eg sette meg ned for å snakke med Jassim, nemnte doktoren at eg levde av å skrive. Reaksjonen var som ei forvandling. Han sette seg opp, og andletet lyste av liv og glød. Stolt drog han fram ei bok som låg under puta. Mikke Mus(!) pryda framsida. Inni var det små dikt, skrivne på vakkert arabisk. Det var dette han brukte dagane til, når han var sterk nok. Han ville bli poet når han blei vaksen.
Dikta var framifrå både i form og innhald, med ein innsikt som langt oversteig alderen. Eit av dei, som vart kalla "Identitetskort", lydde slik:
|
Namnet er Kjærleik. Klassen er Meiningsløyse. Skolen er Liding. Delstaten er Sorg. Byen er Stynjing. Gata er Armod. Husnummeret er Eitt tusen sukk. |
The name is love. The class is mindless. The school is suffering. The governorate is sadness. The city is sighing. The street is misery. The home number is one thousand sighs. |
|---|
Medan eg las følgte han fjeset mitt intenst med auga. Eg var tom for ord. Endeleg fekk eg sagt: "Jassim, du må kjempe så hardt du kan for å bli frisk, for du er alt blitt ein forbløffande talentfull poet. Dersom du kan skape kunst som dette i ein alder av 13, kan eg nesten ikkje tenke meg kor langt du vil vere nådd når du er 20." Eg sa han ville bli ein del av Iraks store, gamle litterære tradisjon, i det landet der verdslitteraturen oppsto.
Han glødde. Og eg heldt fram: "Visste han at bøkene vart skrivne i Egypt, trykt i Libanon og lesne i Irak? Og det berre er ved å lese og samle på ord, utan stans, heile tida - at ein kan skrive godt, slik som han gjorde?"
Enda så sjuk han var, saug han i seg alt eg sa, - ja, han noterte det ned alt saman. Eg fortalde han om store poetar og deira liv, og siterte linjer frå dei som eg hugsa. Og igjen skreiv han det ned med blussande andlet, overvelda av at nokon forsto hans lengslar og snakka samme språk som hans eigne tankar.
Eg har skrive mykje om Jassim, og dikta hans er blitt publisert rundt om i verda. Jassims liv avhang av at ein europeisk hjelpeorganisasjon innan ti dagar skaffa den kjemoterapien han trong.
Tre vekar før eg skriv dette, drog ein venn av meg til Irak, og eg sende med han kopier av artiklane, spesial-innbundne, og ba han levere dei til Jassim, for å vise han sine første trykte dikt. Eg såg for meg lyset i andletet hans når han fekk sjå det. I går kveld komme vennen min attende, og telefonerte.
"Korleis har Jassim det?" spurde eg.
Hjelpeorganisasjonen hadde ikkje klart det. Jassim hadde slåst og slåst. Han hadde tapt slaget like før vennen min kom. Han fekk aldri sjå dikta sine på trykk - og nå er han berre eit nytt tal i den såkalla "collateral damage" ("sideverknader") av sanksjonane.
Eg hadde fortalt Jassim om dikt som stadig lever, og sitert for han frå
|
Since I can never see your face. And never take you by the hand. I send my soul through time and space. To greet you. You will understand. |
Eg kan aldri det andlet sjå. Og aldri ta deg varmt i hand. I tid og rom mi sjel kan nå. Å helse deg. Du vil forstå. |
|---|
Flecker sende sine "ord for å bera bod/ den vegen eg ikkje kan vandre". Han spurde etter "ein venn, usedd, ufødd, ukjend", som kan "lese mine ord, ei natt, åleine: Eg var ein poet; eg var ung".
Akkurat som du, Jassim.
Kvil i fred, vesle poet: 1985-1998.
Stoffet er hentet fra New Internasjonalist nov.98