Det EU her reelt seier er at dersom nokon trugar Europa sine energikjelder, skal EU vere parat til å gripe inn militært. Eit anna forslag går ut på at EU sin indre energimarknad skal utvidast til å omfatte EU sine naboland. Det er vel her naturleg å tenkje på Nord-Afrika. EU vil også ta i bruk verdshandelsorganisasjonen WTO for å sikre unionen tilgang til billeg energi. Særleg gjeld det å slå Russland i hovudet med WTO sitt regelverk, som slår fast at olje skal handlast på marknadsvilkår. Russland har søkt om opptak i WTO, så her skulle det vere godt høve til å utøve press.
I lys av opplysningane over (som er henta frå Dagsavisen Arbejderen 20. juni d.å.) kan det vere grunn til å stille nokre spørsmål: Ser vi her konturane av ein meir aggressiv EU-imperialisme? Kvar plasserer Norge, som stor oljeprodusent, seg i dette biletet? Korleis ser den norske regjeringa på EU sin nye energipolitikk?
Kjell Underlid
Medlem av Bevegelsen for sosialisme (BfS)