Amerikanarane fekk tatt jordanske Abu Musab al-Zarqawi, som vert omtalt som
ein farleg terrorist. Måten dette skjedde på, var at dei bomba eit område og
drap og skadde mange. I følgje augevitne levde enno al-Zarqawi, men
amerikanske soldatar tok livet av den skadde mannen like etterpå. Fidel
Castro kallar dette ei grotesk handling; det vert som om Cuba bomba i USA
for å få tak i den kjende kubanskfødde Louis Pasada Carriles. Pasada, som no
held til i Texas, drap 73 kubanske flypassasjerar i ei terrorhandling i
1976. USA har hittil halde si vernande hand om denne terroristen.
USA sender ut bilete av det vansira liket til al-Zarqawi over heile verda.
Det vert om lag som katten som legg frå seg musa som han har drepe på trappa
til herren, med føljande triumferande metabodskap: "Sjå kor flink eg har
vore".
|
Men elles er det forbod mot å ta bilete av døde amerikanske soldatar
som vert sende heim i likposar. Og Irak-krigen er blitt bilete-laus; dei
groteske bileta som viser amerikansk fangemishandling er blitt smugla ut. Vi
får ikkje sjå bilete av irakarar som er blitt lemlesta og drepne av dei
amerikanske okkupasjonsstyrkane; så langt er det meir enn hundre tusen.
Slik "logikk" og "moral" må verdssamfunnet ta avstand frå, på same måte som
det etter kvart skjedde under Vietnam-krigen.
Kjell Underlid
Medlem i Bevegelsen for sosialisme (BfS)
|