NATO-flagg og mindre viktige flagg?



"I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær", sa Nordahl Grieg på radio frå Nord-Noreg 17. mai 1940. I dag, 7. juni 1999 - Noreg sin 94. fødselsdag og offisiell flaggdag – står også mange flaggstenger nakne (i Tromsø). Kvifor? Er du norske mann (og kvinne) i hus og hytte med flaggstang likeglad med kor vidt Noreg har ein fødselsdag å feire eller ikkje? Den folkelege motstanden mot Europaunionen skulle jo ikkje tyde på det. Så du EU-motstandar som har flaggstang: Bruk ho og heis flagget medan det enno er lovleg! Eg tippar på at sterke krefter vil prøve på å avvikle den skikken før 100 års jubileet i 2005, nemleg ved å få oss lurt, lirka eller lempa inn i EU.

Det at privatpersonar er slappe med å heise flagget er no ei sak for seg. Men har ikkje offentlege bygningar med flaggstenger plikt til å heise flagget på offisielle flaggdagar? Eller er det det kommunale sjølvstyret som tek avgjerda? Rart då at eg aldri har høyrt kranglar om kor vidt kommunen har råd til å flagge eller ikkje? Ein informant som har har sett andre deler av byen enn meg i dag, påstår at du ikkje hadde heist flagget på Rådhuset, ordførar Alvhild Yttergård (H). Eg trudde i det lengste at det ikkje var sant. Men frå høgresida ventar eg meg ikkje noko positivt, og kan såleis vanskeleg bli vonbroten. Var du så oppteken med å gjere NATO-terroristane til lags med å rigge til dei 19 flaggstengene til feltprestkonferansen deira at du gløymde at Noreg hadde fødselsdag?

Den sokalla arbeidarrørsla er ikkje noko betre. Både bladet Nordlys og Folkets hus stilte med nakne flaggstenger i dag. Endå godt at Brannvesenet gjer jobben sin - også 7. juni.

Mari Aasen,

sekretær Troms NKP




(KLIKK HER.)
TIL MARXISTISK LITTERATUR.
INNFØRINGSKURS I MARXISME.


Klikk her for å få kontakt med Nordland N.K.P. For å vite noe mere om han som vedlike holder disse sidene. For å lese Det Kommunistiske Manifest. For å lese arbidspogramet til NKP. Til NKUs sider der finer du linker til andre organisasjoner og littratur.